Sport | 31. mai 2013

Klar for Framo - og Barcelona

Utesesongen er i gang og friidrettsmiljøet i Os står i full blomst. I Os Turn ser dei dessutan fram til ein eksotisk treningsleir i haustferien.

Klar for Framo - og Barcelona
Delar av friidrettsgruppa til Os Turn, som tel over 45 aktive ungdomar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. mai 2013 08:24

Bildeserie:

Mons Martin Borgen svever lett og høgt over 1,75 på trening. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mons Martin Borgen svever lett og høgt over 1,75 på trening. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Paulis Plavoks. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Paulis Plavoks. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Maria Thunold Matthiessen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Maria Thunold Matthiessen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kristine Malene Furebotn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kristine Malene Furebotn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sofie Hausberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sofie Hausberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sunniva Kvittingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sunniva Kvittingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Viktoria Tufteland Haukefer . (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Viktoria Tufteland Haukefer . (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Snorre Hjelm Sørstrønen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Snorre Hjelm Sørstrønen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hilde Eirin Lohne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hilde Eirin Lohne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mina Aadland (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mina Aadland (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 10

For to veker sidan gjorde fleire utøvarar frå Os Turn det godt i opninga av utesesongen, Karabinlekene på Fana Stadion.

Andreas Mowinckel Nilsen vann gull på 60 meter med tida 7,63 (G15), Sondre Herrevold fekk gull i spyd (G15), Hilde Eirik Lohne fekk sølv på 600 meter (J16. Osingen Målfrid Pettersen Lunde, som har gått til Fana vann).

Kristine Furebotn fekk sølv på 60 meter (J13), Paulis Plavoks kom på 3. plass på 200 meter (G12) og Sunniva Kvittingen fekk bronse på 600 meter (J14).

I går starta Framolekene og Sondre Herrevold har allereie tatt gull i spydkast med eit kast på 43,55 meter (G15).

– Ei stor og talentfull gruppe

– Det gror veldig godt i friidrettsgruppa vår. No har vi rundt 25 frå 12 år og ned og rundt 20 over 12 år, seier instruktør Mari Lund Eide.

– Det har alltid svingt, men no for tida er det ekstra kjekt å driva med friidrett på Kuventræ, seier veteran Jan Borgen.

Det er 50 (!) år sidan han instruerte i friidrett i Os Turnforening for første gong.

– Det er ein god og talentfull gjeng, med mange som er veldig aktive i fleire greiner i ulike aldrar.

Eksotisk gulrot

Varmen vi har hatt i Os denne veka bør fleire av friidrettsutøvarane til Os venna seg til.

I haust går nemleg turen til varmare strøk.

– Vi er ein god gjeng som skal til Barcelona på treningsleir i haustferien, fortel Mari.

Rundt 20 personar reiser i gruppe for ei veke med finpuss på formen på eit flott anlegg utanfor den populære spanske storbyen.

– Men først har vi resten av Framolekene og meir sommar i vente, seier Eide og Borgen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.