Frå muntleg til skriftleg
Slutt på sota ruter: – Vi kjem til å ha fokus på teknisk stand i tida framover, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Tidlegare i haust har politiet delt ut fleire muntlege pålegg om tekniske utbetringar, blant anna når det kjem til lys og soting av ruter.
– Vi delte ut nokre muntlege pålegg no i helga òg. Det synest vi er ei lempeleg form for reaksjon.
– Men vi har også fått inntrykk av at ikkje alle rettar seg etter muntlege pålegg, så i tida framover blir vi strengare, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Han fortel at dei vil halda oppe den høge frekvensen av promille. og fartskontroll, samtidig som dei no fram mot starten på vinteren vil sjekka meir på det tekniske på kjøretøya i Os.
– Det er meir krevjande og kostbart å få skriftleg pålegg og krav om å visa bilen for vegvesenet, så dei som ikkje har alt på stell kan like godt byrja å få skikk på bilen sin allereie no, oppmodar han.
Vinglete på Halhjemsvegen
I helga har politiet fått melding om blant anna trugande åtferd med jernstang og tatt bilistar som kjørte i over 100 km/t i 60-sona.
Søndag i 22.40-tida fekk dei melding om svært vinglete kjøring på Halhjemsvegen.
– Vi rykte ut, fann bilen og følgte etter den til føraren var heime.
– Bilførar tok prøve, men var edru, fortel Dyrdal.