Trugslar og fyll
Mann (37) blei lagt i jern på Essoen, ungdom blei truga av mann med jernstang på Moberg.
I 00.30-tida natt til søndag fekk politiet melding frå ein ungdom som sa at ein mann og ei kvinne hadde oppført seg trugande.
Mannen bar på ei jernstang.
– Meldar hadde sett at dei to gjekk og snoka rundt ein bil, og ba dei gå frå staden. Då hadde dei kome imot han, fortel politibetjent Anne Lyssand.
Episoden skjedde på Moberg. Mannen og kvinna skal ha gått retning Solbakken då ungdomen ringte politiet, som ikkje fann dei to igjen.
Lagt i jern
Ein full mann i slutten av 30-åra tok i natt kontroll over serveringsluka på Essoen, sperra tilkomsten til luka og kom med sleng-merknadar til dei i køen.
– Han var vanskeleg då politiet kom fram, så han måtte leggast i jern og få handjern på seg.
Etter ein prat i politibilen hadde mannen roa seg og vedkomande blei eskortert heim.
Hindra fyllekjøring
Politiet fekk også melding om ein full mann som låg ute av stand til å ta vare på seg sjølv, på torget i Os sentrum.
– Patruljen var opptatt og sendte ambulanse til staden. Dei fann vedkomande i stand til å ta vare på seg sjølv, og vedkomande blei sendt heim i taxi.
Søndag morgon skal ein full og aggressiv mann ha blitt hindra av venar frå å kjøra bil med promille.
– Dei fekk han heim, men var uroa for kva han ville finna på vidare. Politiet har hatt kontakt med vedkomande, som no skal ha slått seg til ro, seier Lyssand.