Frå grus til gummi
– Det har blitt finare og reinare både ute og inne etter dette, seier dagleg leiar Wenche Aabakken etter oppgardering av Nøtteliten.
Nøtteliten barnehage på Søfteland har fått seg ein ny haug – og har plan om fleire oppgraderingar av uteområdet i åra som kjem.
– Det starta eigentleg med at vi ville betra dreneringa på tomta, det gjekk så lang tid før det blei tørt etter at det hadde regna, fortel Wenche Aabakken.
– Samtidig ville vi at det skulle bli fint og praktisk, og uteområde-komiteen tok seg ei synfaring i Varhaug barnehage, som dei siste åra har blitt rusta kraftig opp.
Smitteeffekt
Tor Erik Wiik, som også var anleggsleiar for prosjektet i Varhaug barnehage, fekk oppdraget på Søfteland.
– Mange har lagt merke til kor fint det blei i Varhaug, i ettertid har eg også vore på oppdrag for barnehagen i Hegglandsdalen, fortel han.
Prosjektleiar Wiik gjekk frå jobb i Tommys Hage til leverandøren Trigonor tidlegare i år.
– Trigonor leverer alt frå møblar og leikeapparat til sjølve gummidekket, og dette har blitt stadig meir populært. Tommys Hage blei hyra inn til gjennomføring også her.
Mindre skit – mindre dugnad
Aabakken fortel at Nøtteliten på sikt vil ha vekk all grus og sand, bortsett frå i sandkassen.
Med krav om mjukt underlag rundt og under disser og leikeapparat er det i mange barnehagar duka for årlege dugnadar med utskifting av sand, slik at sanden held seg mjuk nok.
– For det første er dette ein tung jobb, for det andre fører dette til slitasje på klede og støv og skit inne i barnehagen. Det blir mindre jobb for både tilsette og foreldre, og betre inneklima, når ungane får leika på gummimatter.
Held fram i fire år
I haustferien var det opning av den nye delen av uteområdet til Nøtteliten.
– For det første er vatnet vekke frå tomta, for det andre har haugen vi hadde med grus no ein ny og fin haug med ny klatrevegg, ein ny rutsjebane og nytt kunstgrasdekke rundt haugen.
– Det har blitt reinare innandørs og ungane har fått ein betre eigna plass. Haugen blir mykje meir brukt no enn før.
Nøtteliten har fornya om lag 1/5 av uteområdet, og vil ta resten år for år dei neste fire åra.
– Vi har skogen tett på og eiga naturavdeling, så vi treng ikkje så mykje terreng, jord og grus inne på sjølve leikeområdet, seier Wenche Aabakken.