Vêret i Os | 25. sep. 2023

Frå frisk bris til sol og 18 gradar

Det blir ei våt veke, men éin dag skil seg ut i tørr retning.

Frå frisk bris til sol og 18 gradar
Det skvett litt over Steinneset måndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 25. sep. 2023 07:17

I dag skulle restane etter den tropiske stormen «Nigel» påverka vêret i delar av Norge.

I Os starta dagen med frisk bris og regn, men vinden skal løya noko utover dagen, og det er venta nokre periodar med opphaldsvêr.

Det er meldt meir regn seinare i veka, men éin dag skil seg ut som tørr og varm; tysdag.

I morgon er det venta 18 gradar og sol. Det ligg ikkje an til å bli ein heilt vindstille dag, men finn du le for 5-6 m/s frå sør, så kan det nesten likna ein seinsommardag.

Vindstyrken skal vidare ned dei neste dagane.

Onsdag er det venta nokre byger. Yr melder nedbør frå klokka 14 til 19, Storm melder nedbør på formiddagen og opphald frå klokka 11.

Torsdag og fredag er det meldt meir nedbør, nærmast samanhengande gjennom dagen.

Også komande helg ligg an til å bli våt, men ikkje med dei same mengdene som rett før helga.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.