Sport | 10. juli 2013

Frå ferie til nytt derby

Om drygt to veker er det tid for Lysekloster – Os. Korleis er status i troppane og kva trur oddssetjarane om andre runde av derbyet i 3. divisjon?

Frå ferie til nytt derby
Spent før serieopning og derby på Kuventræ. Laurdag 27. juli er det Lysekloster-Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juli 2013 10:21

Måndag starta Os med fellestrening igjen etter to veker ferie. Lysekloster har fri ut veka og byrjar på igjen etter 2,5 veker fri.

– Nokre spelarar er framleis på feire, men vi var 18-20 på trening på måndag.

– At Mats Cato Moldskred (IK Brage, Superettan) og Vegard Leikvoll Moberg (Åsane, 2. divisjon) var med på trening med gamleklubben gjorde at det blei ekstra sus over det, seier Os-trenar Tore Nielsen.

Starten på haustsesongen

Lysekloster og Os har spelt éin kamp mindre enne dei andre i toppen, men tok ferie på 2. og 5. plass på tabellen.

Os startar haustesesongen med bortekamp mot Kopervik laurdag 20. juli. Kopervik avslutta vårsesongen med 2-1-tap for Lysekloster på bortebane.

Lysekloster har første kamp etter ferien borte mot Fyllingsdalen 2 måndag 22. juli. Fyllingsdalen spelte 2-2 mot både Brodd og Kopervik før ferien og tapte 0-2 heime for Os tidlegare i vår.

Lysekloster – Os laurdag 27. juli

Dei to 3. divisjonslaga i Os hadde ein nervepirrande seriestart med derby på Kuventræ i sjølve serieopninga.

Sjå referat, bildeserie og video frå Os - Lysekloster 3-0 (2-0).

I andre runde etter ferien møter dei to Os-laga kvarandre igjen, denne gong i Fjorden.

Med tru på heimesiger

Før kampen Kuventræ heldt Betsson ein knapp knapp på Os, med 2,15 i odds på heimesiger og 2,30 på borte.

No er dei sikrare i si sak, Betsson gjev 1,60 i odds på siger til Lysekloster, 4,70 på uavgjort og 3,65 om Os skal vinna på bortebane.

– Basert på kva som har skjedd til no i sesongen så skal Lysekloster vera klare favorittar. Vertane ønskjer revansje frå 3-0-tapet i vår og er sterke heime.

– Os varierer ein del, så har dei sin beste dag kan dei sjølvsagt overraska. Men gjestane er ikkje bunnsolide bakover og det luktar i utgangspunktet ein del mål for vertane, seier oddssetjar Bjørn Olav Jacobsen.

Med og utan skade

Nielsen seier fleire spelarar som har vore skadd i vår no er på veg tilbake.

– Ramo Racic var oppom, men kan først byrja å trena med ball om ei veke eller to, seier Tore om den kneopererte angrepsspelaren.

Midtstoppar Per Søgnen Merai blei skadd før ferien og er ute resten av sesongen, Håkon Kvittingen er skadd i lysken og Egil Thuen fekk ein liten smell i kneet på treninga måndag.

– Elles håper eg Hadi Amiri, som fekk ein strekk før ferien, er ein vi kan ha glede av utover hausten. Og Dani Bergstø, som kom så raskt i form igjen etter comebacket at eg vurderte å bruka han frå start i serieopninga, kjem seg etter kneskaden han fekk i vår.

Hos Lysekloster er Eirik Musland ute resten av sesongen etter at han rauk korsbandet i kamp mot Åkra. Daniel Kalstad, den raske vingen som spelte for Os i 2. divisjon for nokre år sidan, har fått ein kraftig strekk.

– Men vi har fått Steffen Finsådal tilbake etter armbrotet og Eirik Indredavik er heime på ferie frå studier i Danmark, så han kan vi få brukt litt på seinsommaren og starten på hausten, seier Ørjan Sandal, dagleg leiar i Lysekloster IL.

Når ferien er over mister Lysekloster ein keeper. Politistudent Kjetil Hansen skal tilbake til Bodø etter praksis i Os. Lysekloster har henta inn osingen Arne Veim Haugland for å kompensera i keeperstallen.

I fokus

Sandal seier Lysekloster har fokus på å ha gode og gøye treningsøkter framover.

– Vi har sett det gå igjen i vår, dei beste kampane speler vi på tampen av veker der vi har hatt ekstra gode treninger.

Førebels har han fokus på Fyllingsdalen 2, men seier Lysekloster naturlegvis går på banen for å vinna over Os på heimebane.

– Så blir det spennande å sjå kor mange som er på ferie i forhold til publikum. Eg reknar med at dei fleste fotballinteresserte osingane som er heime vil ha med seg denne kampen.

Nielsen ser fram til ny derby og fryktar ikkje revansjesvoltne og heime-sterke Lysekloster.

– Vi fekk sving på dette med bortekampar før ferien og Lysekloster veit vi mykje om frå før. Vi veit korleis vi skal ta dei, seier Nielsen drygt to veker før derby.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.