Med størst tru på Os
Bookmakarane trur Lysekloster kjem til å gjera det best i serien, men at Os vinn serieopninga, Battle of Bygdo, på Kuventræ laurdag 13. april.
Det er éi veke til seriestart, som for dei to 3. divisjonsklubbane i Os startar med derby på Kuventræ.
Os, som har lagt mellom 2. og 3. divisjon dei siste åra, tar imot Lysekloster, som har klatra frå 7. til 3. divisjon på 4 år.
Speleselskapet Betsafe trur Lysekloster kjem til å gjera det svært godt i serien også i ny divisjon, med 6 i odds som avdelingsvinnar.
Lysekloster har berre Haugesund 2 over seg på lista medan Os er rangert på 7. plass med 15 i odds.
Trur på heimesiger neste helg
Trass i spådomane om Lysekloster øvst på tabellen i oktober har Betsafe Os som knepen favoritt i serieopninga.
– Vi har 2,15 i vinnarodds på Os og 2,30 på Lysekloster.
– Dette blir veldig jamt, så mange blir nok frista av U-oddsen, som er heile 4,70, seier oddssetjar Bjørn Olav Jacobsen fra Betsafe.com.
Os spelte ingen kampar uavgjort på heimebane i fjor, men hadde 6 uavgjorte på bortebane. Lysekloster spelte 1 uavgjort heime i fjor, ingen på bortebane.