Lokal | 21. jan. 2016
Fotografert på Austlandet - tatt i Os
Politiet i Os var i går og henta førarkortet til ein mann som har vore tung på foten mens han var på biltur på Austlandet.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. jan. 2016 09:17
Onsdag fekk Os lensmannskontor eit oppdrag av kollegaer på Austlandet.
– Ein mann frå Os er tatt i fotoboks (ATK) på Austlandet. Farten var så høg at det blei førarkortbeslag, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Mannen, som er i 40-åra, hadde køyrd i 125 km/t i 70-sona.
– Han innrømte å ha køyrd bilen og leverte frå seg førarkortet.
Les òg: Mager fotoboks-fangst i Os
Utlending utan lappen
Onsdag kveld kontrollerte politiet ein utanlandsk bilist i 50-åra.
Vedkomande blei stoppa i Os sentrum i 19-tida, og det viste seg at han ikkje har gyldig førarkort.