Mager fotoboks-fangst i Os
Fotoboksane på Halhjemsvegen har ikkje bidrege med storfangst til statskassa i 2015.
Totalt er nær ein halv million bilar kontrollerte på Halhjemsvegen i fjor.
Statistikken viser at det i sørgåande retning er utført 23 kontrollar med totalt 461.901 kontrollerte bilar. Her har fotoboksane registrert 338 fartsbrot, og det er skrive ut bøter på 447.100 kroner.
Ute av drift
Det merkverdige er at det i nordgåande retning berre er utført ein kontroll med 10.222 bilar. Her vart det registrert fire fartsbrot, og utskrive absolutt ingenting i bøter.
– Vi har hatt driftsproblem med fotoboksen i nordgåande retning i fjor, difor har den vore lite i drift. Dette er no utbetra slik at fotoboksane i begge retningar er no i drift att, seier overingeniør Christer Taule Kjerrgård i Statens vegvesen.
Håvar inn millionar
I forhold til dei andre stamveg-fotoboksane kan ein difor kanskje karakterisera fangsten som mager på Halhjemsvegen.
Den fotoboksen som tek flest fartssyndarar er E39 Fløyfjellstunnelen i sørgåande retning. Med 74 kontrollar i fjor, vart det registrert 2907 fartsbrot og bøter til 3.116.200 kroner til statskassa.
Den mest innbringande fotoboksen er ved Camillas Kro på Dale i retning vestover mot Bergen. Der vart det hanka inn nærare fire millionar kroner i 2015. I løpet av 65 kontrollar vart 143.412 bilar kontrollerte, og 2594 fartssyndarar registrert.
Hakk i hel kjem E16 Arnanipatunellen i retning austover. I løpet av 60 kontrollar vart det teke 2456 fartssyndarar som vart bøtelagt for tilsaman 3,8 millionar.
Fylkesveg-versting
Likevel er det ein fylkesveg som tronar nest øvst på lista når det gjeld talet på kontrollar, og samla sum bøter.
Fv 557 Bjørndalskogen (Bjørgeveien mellom Loddefjord og Fyllingsdalen) hadde 72 kontrollar med 789165 kontrollerte bilar, registrerte 2810 fartsoverskridingar, noko som har generert bøter til den nette sum av 3.976.400 kroner.
Også fotoboksen i Helldalen, på fylkesveg 580 mellom Midttun og Arna, håvar inn godt med bøter i austgåande retning. 1458 syndarar sytte for 2.134.000 kroner samla sett i bøter.