Sport | 31. okt. 2012

Første KM-kamp torsdag

Os 2 tar torsdag imot Ny-Krohnborg til første av to kampar om KM-tittelen.

Første KM-kamp torsdag
Egil Thuen blei toppskårar i serien med 12 mål - på ein halv sesong! (Foto: KVB) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. okt. 2012 11:09

Med siger over Søre Neset i siste runde sikra Os 2 comeback i 4. divisjon. I siste runde blei tidlegare serieleiar Bremnes slått av Fitjar, noko som gjorde at Os 2, som vann alle kampane i haust, også vann avdelinga.

I dei to andre avdelingene sto Osterøy og Ny-Krohnborg som vinnarar, no skal dei tre spela éin kamp mot kvarandre i serie der den med flest poeng, og eventuelt best målforskjell, blir kretsmeister.

– Eg veit lite om dei to motstandarane våre, men det er alltid kjekt å vinna kampar og eg har inntrykk av at spelarane er gira på å bli kretsmeistrar, seier hovudtrenar for Os, Tim Henrik Sperrevik.

Torsdag 1. november (kl 18.30) speler Os 2 heime mot Ny-Krohnborg, onsdag 7. november er det bortekamp mot Osterøy.

Osterøy slo søndag Ny-Krohnborg 4-1 etter å ha leia 2-0 til pause.

7 år sidan sist

Sist Os blei kretsmeister i seniorfotball var då dei rykte opp til 2. divisjon med A-laget i 2009.

Os 2 rykte då opp til 3. divisjon, men som nummer to i avdelinga, dermed blei det ikkje KM-kamp.

Sist Os blei krinsmeister med andrelaget var i 2005. Os slo Falktveit 5-2 heime og 7-3 borte. I den siste kampen skåra Jørn Vegard Berge 3 mål, Andreas Bjørnen 2, Egil Borgen og Walter Midtsæter eitt kvar.

Osterøy best i serien

Ny-Krohnborg vann avdeling 1 med 13-1-6 på 20 kampar og 57-31 i målforskjell.

Osterøy vann avdeling 2 med 20-0-2 på 22 kampar og 101-24 i målforkjell.

Os 2 vann avdeling 3 med 15-2-3 på 20 kampar og 76-32 i målforskjell.

Toppskårar Thuen

Os 2 har tilgjengeleg alle som ikkje starta førstelaget sin siste seriekamp, som gjekk mot Austevoll, for kampen torsdag. Blant desse er Erik Kanestrøm og Ramo Racic.

– Dei fleste er heime og skadefrie, men vi tar nok ikkje ut startellevaren før i morgon, seier Tim.

Os-spelarane har hatt fri etter serieavslutninga og hadde fest laurdag 27. oktober. Men i går var dei på trening igjen.

Blant dei som truleg speler frå start i morgon er Egil Thuen.

Thuen var skadd i vår og kom først på banen igjen, då for Os 2, 26. august. Då putta han tre mål.

I løpet av hausten rakk han å bli toppskårar med til saman 12 skåringar, den siste i kampen mot Søre Neset.

På dei neste plassane kjem:
Ramo Racic 9 mål
Roar Vestbø 5 mål
Preben Borgen 5 mål
Christer Olsen 4 mål
Ørjan Glesnes 4 mål
Børge Borgen 4 mål

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.