Sport | 21. okt. 2012

Os 2 rykker opp

... og Søre Neset, som tok leiinga i dagens lokaloppgjer, held seg i 5. divisjon.

Os 2 rykker opp
Egil Thuen skåra sitt 12. mål då han sette inn 3-1, og blei med grei marging årets toppskårar for Os 2. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 21. okt. 2012 21:57

Bildeserie:

Remi Lindborg kom til skot tidleg i kampen. (Foto: KVB)
Remi Lindborg kom til skot tidleg i kampen. (Foto: KVB)
Rundt 200 kom for å sjå dagens derby. (Foto: KVB)
Rundt 200 kom for å sjå dagens derby. (Foto: KVB)
Denne gjekk rett utanfor. (Foto: KVB)
Denne gjekk rett utanfor. (Foto: KVB)
Erik Kanestrøm (t.v.) utlikna, men det var først i 2. omgang. (Foto: KVB)
Erik Kanestrøm (t.v.) utlikna, men det var først i 2. omgang. (Foto: KVB)
Christer Olsen gjennom, men fekk ballen for langt frå seg. (Foto: KVB)
Christer Olsen gjennom, men fekk ballen for langt frå seg. (Foto: KVB)
Ei kule frå Thomas Lindborg. (Foto: KVB)
Ei kule frå Thomas Lindborg. (Foto: KVB)
1-0: Over alle, men ikkje over mål. (Foto: KVB)
1-0: Over alle, men ikkje over mål. (Foto: KVB)
Jubel i Søre Neset-leiren. (Foto: KVB)
Jubel i Søre Neset-leiren. (Foto: KVB)
Andreas Pettersen (midten) tok mange tøffe duellar. (Foto: KVB)
Andreas Pettersen (midten) tok mange tøffe duellar. (Foto: KVB)
Også Os 2 hadde sjansar i 1. omgang. (Foto: KVB)
Også Os 2 hadde sjansar i 1. omgang. (Foto: KVB)
1 av 10

Søndag ettermiddag tok Søre Neset imot Os 2 til serieavslutning og avgjerande kamp for begge lag.

Os 2 måtte vinna for å vera sikker på opprykksplass, Søre Neset måtte vinna for å vera sikker på å halda seg i 5. divisjon.

Søre Neset - Os 2 1-4 (1-0)
Målskårarar: 1-0 Thomas Lindborg, 1-1 Erik Kanestrøm, 1-2 Ørjan Glesnes, 1-3 Egil Thuen og 1-4 Vegard Engelsen Moberg.

• Med dagens siger vann Os 2 også avdelinga, for Fitjar på 3. plass slo Bremnes (3-1), som har leia serien, og Os 2 har 4 mål betre målforskjell.

• Søre Neset tålte tapet, for Kjøkkelvik spelte uavgjort mot NHH 2 (1-1), men hadde Os 2 skåra eitt mål meir så hadde Søre Neset rykka ned til 6. divisjon.

SJÅ TABELL

Søre Neset starta best

Starten av dagens kamp var som slutten på lokaloppgjeret på Kuventræ før ferien (der Søre Neset vann 3-2). Søre Neset spelte som om dei låg på toppen av avdelinga og leia fortent til pause.

Thomas Lindborg si skåring var ikkje det einaste gode skotet på Os-buret, men to andre skot gjekk rett utanfor og nokre gjekk rett i klypene på Frode Øvredal.

– Det var høga skuldre på oss i starten, og Søre Neset har fleire spelarar som har vore ute ei vinternatt før. Med lågt tempo blei det fleire tabellar og sørenesingane kan visa musklar, seier Tim Henrik Sperrevik.

Bretta ut spelet

Men i 2. omgang fekk Os 2 tempo på ballen og brukte breidda godt.

– Vi fekk dei til å springa imellom og då tikka måla inn jamt og trutt, seier Sperrevik.

Søre Neset-trenar Vidar Bahus er nøgd med laget sin innsats og prestasjon i dag.

– Vi klarte å gje dei god match ei stund og så klarte vi heldigvis å halda oss, det betyr mykje for neste år.

– Og vi har fleire gongar vist at vi er gode nok til å ligga høgare på tabellen. Vi har vore litt svake mot svakare motstand, men med ein gong det er litt å bryna seg på så står alle fram og viser seg frå sitt beste.

– 2013 blir bra for dei unge

For Os 2 står det no kretsmeisterskap igjen, og for fleire av spelarane blir det Lagunen Fotballfest med juniorlaget.

– Opprykket var viktig for klubben og tilbodet til spelarane neste år. No har ei ung sterk gruppe danna grunnlaget for dette opprykket, som vi på tampen fekk litt assistanse frå nokre frå A-stallen til å sikra.

– Neste år kjem vi med to juniorlag og eit andrelag i 4. divisjon, så då skal det bli god matching for alle, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.