Lokal | 27. jan. 2016

Forsøk på snik-ekspropriering?

Administrasjonen ville endra føremålet frå bustad til idrett på ein eigedom på Kuventræ. Det gjekk ikkje politikarane med på.

Forsøk på snik-ekspropriering?
Eigedommen som ligg ved den nedre kunstgrasbana på Kuventræ ville administrasjonen gjera om frå bustad til idrettsføremål (ill frå reguleringsplanen, utheving gjort av Midtsiden)
Andris Hamreonsdag 27. jan. 2016 11:02

Administrasjonen fekk det glatte lag av politikarane, då plan- og bygningsutvalet handsama saka om reguleringsplanen på Kuventræ tysdag.

I planen hadde nemleg administrasjonen farga gards- og bruksnummer 54/175 grønt med formål idrettsanlegg. Eigedommen er i den eksisterande reguleringsplanen regulert til bustadføremål. Det står eit hus på eigedommen som nyleg skifta eigar. Kommunen sjølv var interessert i å kjøpa eigedommen, men var ikkje kjappe nok når eigedommen kom for sal.

Både May Brit Haringstad Mjøs (H) og Harald Døsen (Ap) gjekk rett i strupen på administrasjonen.

– Vi går for administrasjonen sitt framlegg med følgjande tillegg: planen kan leggast ut når gards- og bruksnummer 54/175 er markert som bustad i planen.

– Då vil du det same som meg. Eg vil gjerne høyra administrasjonen sin argumentasjon i dette. I planskildringa står det at eigedommen i kommuneplans arealdel er satt av til bustad, men at ein no vil regulera den til idrettsanlegg, anna veggrunn, grøntareal og gang- og sykkelveg.

– Med andre ord betyr det at eigedommen må eksproprierast.

Best i langsiktig perspektiv

Administrasjonen stadfesta at det ikkje var ein glipp, men at dei hadde valt å endra fargen frå gul til grøn for den aktuelle eigedommen.

– Vi meiner det er den beste løysinga sett i eit langsiktig perspektiv. Vi veit at dei som har kjøpt eigedommen ønskjer å bu der, men vi meiner likevel det er feil å legga det gult inn i planen, svara fagsjef Asle Andås.

Likte det dårleg

Døsen var ikkje særleg glad for svaret frå administrasjonen.

– Då vil eg konstantera at eigedommen frå kommunen si side er bevisst malt grøn. Kva blir då verdien for denne eigedommen? Dei vil sitta på ein eigedom med mykje mindre verdi enn det den er verdt i dag. Dette er ein sak eg liker forholdsvis dårleg frå kommunen si side, kommenterterte Døsen tørt.

Sakshandsamingsfeil

Han fekk støtte frå Kristin Søfteland-Larsson (H) som peika på at om planen var å ekspropriera eigedommen, så hadde kommunen gjort feil i reguleringsplanen.

– Om kommunen tenkjer at den skal innløysast, så skulle den ha vore kryssa i reguleringsplanen, ikkje berre markert grønt. Det er vedtak i reguleringsplanen som hjemlar ekspropriasjon i henhald til grunnlova, så her er det gjort feil, konstanterte Søfteland-Larsson, som jobbar med desse type problemstillingane i sin vanlege jobb i Statens Vegvesen.

Må rydda opp

Både Espen Aspenes (Frp) og Terje Sperrevik (TvS) delte politikarkollegaene sin kritikk av administrasjonen.

– Hovudpoenget er nytt sentralidrettsanlegg og ny idrettshall. Advokaten til grunneigaren treff spikeren på hovudet med å kalla det ei snik-ekspropriering, kommenterte Aspenes.

– Eg støttar samtlege i at dette er litt merkeleg håndtert frå administrasjonen. Eg høyrer vi har forsøkt å få tak i ei tomt, når vi ikkje klarar det så fargar vi den grøn. Det luktar ikkje godt. Eg vil difor senda saka tilbake til administrasjonen for å vera 110% sikker på at det er rydda opp i før vi legg planen ut for offentleg ettersyn, supplerte Sperrevik.

Sperrevik fekk ikkje fleirtal for å senda saka tilbake for å retta den opp, men administrasjonen fekk i staden beskjed om å retta både kart, planskildring og føresegner slik at gards- og bruksnummer 54/175 framleis blir regulert til bustad.

Les òg: Vil utvida Idrettsvegen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.