Vil utvida Idrettsvegen
Kommunen vil utvida Idrettsvegen og laga betre gang- og sykkelvegløysingar rundt sentralidrettsanlegget på Kuventræ.
Områdereguleringa av Kuventræ-området skal tysdag 26. januar til handsaming i Plan- og bygningsutvalet. Der skal politikarane ta stilling til om planane skal bli lagt ut til offentleg ettersyn.
Då planarbeidet starta i mars i fjor blei tanken om å opna Kuventrævegen for gjennomgangstrafikk lansert, noko som gjorde at naboane mobiliserte og protesterte.
Nådde gjennom
Protestane kan synast å ha lukkast. I planforslaget ligg det no inne at Kuventrævegen blir gang- og sykkelveg med ei bredde på 4,5 meter kor det kan leggast til rette for sykkelveg og fortau.
– Frå krysset med Idrettsvegen er gang- og sykkelvegen kopla på eksisterande fortau langs Idrettsvegen. På sørsida av krysset er det regulert utvida fortau langs gravplassen. Sørsida av kryssområdet mellom Idrettsvegen og Kuventrævegen er stramma opp og vert lagt vinkelrett på Idrettsvegen, heiter det i saksframlegget.
Relativt liten skilnad
Noko av bakgrunnen til at kommunen likevel ikkje vel å opna Kuventrævegen for biltrafikk for andre enn dei som bur langs vegen er trafikkmålingar og analyser Sivilingeniør Helge Hopen AS har gjort på vegne av kommunen.
I desse kjem det fram at 2600 bilar passerar nedre del av Idrettsvegen kvar dag (ÅDT), 1900 av desse finn ein att oppe ved Osbadet og Oshallen.
I analysene ser ein at skilnaden mellom alternativ 1 (Kun Idrettsvegen som køyreveg) og alternativ 2 (Både Kuventrævegen og Idrettsvegen som køyreveg) er på henhaldsvis 300 ÅDT (nederst i idrettsvegen) og 200 ÅDT (ved Osbadet/Oshallen).
– Berekningane syner at alternativ 2 ikkje gir redusert trafikkmengde i Idrettsvegen sjølv om det etablerast ein alternativ tilkomst via Kuventrævegen mot Industrivegen. Trafikknivået ventast generelt noko høgre på heile vegnettet sidan løysinga opner for mogleg gjennomkøyring.
– Dei positive virkningane av alternativ 2 er at ein tungtrafikk tilsvarende ca. 100 ÅDT flyttast frå Idrettsvegen til Industrivegen. Dette må veiast opp mot ulempene med alternativ 2: auka trafikk på alle lokalvegar grunna opninga for gjennomkøyring og betydelege fysiske inngrep og auka trafikk på Kuventrævegen mellom gravplassen og barnehagen som i dag er gang/sykkelveg.
– Samla vurdert er desse ulempane betydelige og står ikkje i forhold til gevinstane med å flytta tungtrafikken til Industrivegen via ny lokalveg, konkluderar ein i rapporten.
Vil laga breiere veg
I staden for å opna Kuventrævegen ser ein i planutkastet for seg å utvida Idrettsvegen og gjera avbøtande tiltak for å hindre kjøretøyer å bruke delar av fortausarealet ved møting og å laga trafikksikre løysingar for henting og bringing.
– Køyreveg vert utvida til vegklasse Sa2 frå Idrettsvegen 7 og fram til krysset mellom Idrettsvegen og Kuventrævegen. Vegklassen er dimensjonert for trafikkmengde >1500 ÅDT.
– Med bakgrunn i bustader og anlegg langs vegen er det ikkje etablert trafikkskilje eller rekkverksrom mellom køyreveg og areal for mjuke trafikantar. Det er nytta fortau med breidde på 2,75 – 3,0 meter langs Idrettsvegen.
– På søraustsida av Osbadet vert det etablert avsettingslomme dimensjonert for buss. Frå avsettingslomma er det regulert gangveg mot Kuventræ skule og forbinding til fortau langs Idrettsvegen, heiter det i planutkastet.
Parkering under ny idrettshall
Den nye idrettshallen på omlag 55 x 55 meter vil bli plassert framfor inngangen til Osbadet/Oshallen. Der ser ein mellomanna for seg å laga parkering (62 plassar) i ein kjelleretasje.
Totalt vil det, om planforslaget blir vedteken, bli etablert 566 parkeringsplassar og 28 HC-plassar fordelt på åtte ulike parkeringsområder.
– Planforslaget legg til rette for auka parkeringsdekning i planområdet. I staden for å konsentrere all parkering i tilknyting til Osbadet er det etablert satellittparkering rundt sentralidrettsanlegget, og i større grad lagt til rette for gangvegar/ gang- og sykkelvegar mellom dei ulike områda.