Flyttar frå "villmarka"
Mår, rev, ugle og gjedde er blant artane Gabriel har vakse opp med - i eigen hage. No flyttar "Midtsidens mann i naturen" frå den 5 mål store sentrumsnære eigedomen.
– Det har vore utruleg gøy å veksa opp her ved Tøsdalsvatnet, men no får eg ta med meg fiskestanga i Kuvågen i staden, seier Gabriel.
Gabriel Walden Michelsen har vore omtalt i Midtsiden fleire gongar, både då han fiska gjedde i Tøsdalsvatnet, då han fann eit ulovleg garn i same vatn og då familien hans filma ein mår som sprang rundt i hagen.
Han og dei tre brørne hans har boltra seg på den 4,6 mål store tomta som grensar til Tøsdalsvatnet. Sjølv om E39 og Amfisenteret berre ligg eit drygt spydkast unna, har det for gutane vore som å veksa opp eit stykka unna sivilisasjonen.
Reven kom som bestilt
Synet av hjort er daglegdags for familien Walden Michelsen. I brunsten sovnar dei til brøling, den eine våre gjekk ei mor med kalv i hagen kvar dag.
– Eg har også sett rev fleire gongar, ein gong sprang den mellom beina til hjorten ei stund.
– Men den kjekkaste gongen eg såg rev var då fetteren min var på besøk. Skal vi sjå om vi ser rev, sa eg, og tok opp rullegardina. Der stod den, ler Gabriel.
Ugle, hegre, svane og vipe er også blant dyra som ofte er innom hagen hans.
– Eg er glad for at naboen vår, som driv garden, er så flink til å ta vare på vipene. Han sjekkar jordet for reir før han slår, og passar på å ikkje slå der egga ligg.
Fjernstyrt laksefangst
Gabriel har budd ved Tøsdalsvatnet sidan han var tre år gamal. Hagen grensar til vatnet og med eigen båt har det blitt mykje fiske. Og det er ikkje berre gjedde som bit på kroken.
– Eg har radiostyrt fly som hobby, og bygde ein fjernstyrt båt med flymotor. På båten hang eg eit snøre, og ein gong fekk eg ein laks på kroken.
– Båten klarte å dra den til land, men då den kom inn på grunna og snøret blei slakt kom laksen seg av. Det blei nesten ein god historie.
Gabriel (12) er eldst i søskenflokken på fire. Dei tre brørne deler interessene for fangst og fiske og eldstebror Mika konkurrerer med Gabriel om å ha flest slukar.
– Vi får nok bruk for slukane i Kuvågen òg, seier Gabriel.
Vaks ut av huset
For ei god veke sidan kom huset for sal. Pappa Bjørn Michelsen seier det er vemodig å selja ein plass der familien har så gode minner frå.
– Men med fire gutar som veks opp har huset blitt for lite for oss, dessverre.
– Vi var heldige då vi ved eit slumpetreff fekk kjøpa huset, men kan kanskje ein annan barnefamilie få gleden av det å bu på ein så stor eigedom så nær Os sentrum.
– Eg fekk gleden av å få ei unnskylding til å kjøpa ein minitraktor til å slå plenen med, ungane har fått endå meir, seier Bjørn.
– Eg er glad gutane har fått så gode erfaringar og håper dei også i framtida kan tipsa avisa om spennande historiar frå naturen.