Fann ulovleg garn
Då gutane skulle på fisketur i Tøsdalsvatnet fann dei to ulovlege garn. - Politiet kom og henta dei, fortel Gabriel.
Unggutane Gabriel Walden Michelsen og Lars Ivar Nyhus er ivrige fiskarar og nyttar ofte båten på fisketurane når dei skal ut på Tøsdalsvatnet. Torsdag kom dei over eitt ulovleg garn som sto for høgt i vatnet.
- Vi såg garnet og fann ut at vi skulle ringe lensmannen.
- Dei sa at dei ikkje hadde ei patrulje ledig, men berre to minutt seinare ringte dei opp att og sa at dei kom likevel, fortel Gabriel.
Rodde politiet
Dei to gutane la til land og møtte patrulja som kom til vatnet.
- Vi tok dei med i båten og rodde dei over til der garnet sto.
- Då vi kom fram tok politiet garnet med seg, seier den unge fiskaren.
Etter at dei hadde skyssa politiet tilbake på land fann dei to ut at dei skulle ta seg ei runde til på vatnet.
- Det var då vi såg ei dau gjedde som flaut i vatnet og enno eit garn. Gjedda hadde tydelegvis sett seg fast i garnet for det var tydelege spor på sida av den, forklarar Gabriel.
Igjen måtte dei tilkalla patrulja, som ifølgje Gabriel, i mellomtida hadde begynt å ringe på dørene rundt vatnet for å finna ut kven som eigde garna.
Det er ikkje ulovleg å fiske med garn i Tøsdalsvatnet, men i perioda 16. juli til 15. mai skal garn i vassdraget stå minst fem meter under overflata.