– Flotte dagar i eit fantastisk hus
– Vi har prøvd det meste i Bergen, utan å finna noko som er skikkeleg eigna, og så kjem vi til Os og alt klaffar, seier Jannicke Engan.
Monster Entertainment, som blant anna produserer Norske Talenter for TV2, fekk eit svært godt inntrykk av Oseana då dei bestilte huset til audition for 2014-sesongen.
– Huset og folka som jobbar her innfridde, det gjorde også publikum, seier produksjonssjef for Norske Talenter, Jannicke Engan frå Monster.
– I tillegg til at det er nytt og veldig fint, er alt så praktisk her, det er lett å rigga og god plass, både på scenen, bak scenen og elles i huset.
Søndag og måndag var det audition i Os, som var ein av tre plassar i Noreg der talenta fekk visa seg fram
Sjå bildeserie og video frå dag 1 og dag 2, der også osingar var representerte.
Svært livleg publikum
Mellom 1500 og 2000 publikummarar har desse dagane, i fire økter, fått med seg talenta visa seg på scenen.
– Du veit aldri kva du får, men her fekk vi meir enn vi kunne venta. Ikkje berre blei det fulle salar, men publikum var heilt strålande.
– Søndag hadde vi kanskje den beste dagen vår nokosinne, der nesten alle talenta blei sendt vidare og det var full fyr i salen.
– Er stolt av gjengen min
Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg er glad for at Monster og TV2 er nøgd, og gjev ros tilbake.
– Det har vore kjekt å ha ein så profesjonell produksjon i huset, det er lett å jobba saman med så flinke folk.
– Men det er ikkje tilfeldig at ting har fungert, staben vår, med Berit Steen si TV-erfaring i spissen, har jobba hardt og planlagt til minste detalj korleis dette skulle gjennomførast. Eg er stolt av gjengen min, seier direktøren.