– Flinke ungdommar!
Os Fotoklubb arrangerte fotowalk for ungdommar på Oseana. Her kan du sjå resultata.
Tysdag 14. mai arrangerte Os Fotoklubb fotowalk og kurs for ungdommar på Oseana med modell Anne Lise Leirvåg og ein Ferrari frå Ferdinand.
No er resultata frå ungdommane sine bileter klare. Sjå dei i bildeserien ovanfor.
– Eg tykkjer dei har vore flinke og tatt gode bileter, seier Silje Lepsøy i fotoklubben.
Allereie førstkommande onsdag er det ny samling i fotoklubben.
– Då er det både dei vaksne og ungdommar med fotointeresse som samlast i den gamle barnehagen på Søfteland.
– Det er berre å stilla, oppfordrar Lepsøy før ho legg til at meir info om stad og tid finn du om du søkjer opp Os fotoklubb på facebook.