Fleire i bygg og anlegg
Medan søkjertala til bygg- og anleggsteknikk er synkande i Hordaland opplever Os vidaregåande skule auka interesse for faga.
Då prognosetala frå inntakskontoret i Hordaland Fylkeskommune kom før ferien synte dei ein nedgong i søknader til bygg- og anleggsteknikk på 12 færre elevar enn året før.
– Vi har derimot opplevd ei kjempesøking.
– Til byggteknikk hadde vi 21 på venteliste etter andre opptaket.
– På anleggsteknikk hadde vi då vi foretok det første opptaket 87 søkjarar til 60 plassar, fortel rektor Johan Henrik Lassen, ved Os Vidaregåande skule.
Rehabiliterar skulen
Rektoren fortel at dei no har fulle klassar på samtlege liner.
– Tilbodet i år er det same som det har vore dei siste åra, men skulen er i ferd med å bli ny.
– Det pågår eit omfattande rehabiliteringsarbeid med mellomanna nytt ventilasjonsanlegg, nytt tak, universell utforming, ny vindauger og nytt kantinekjøken.
– Heile rehabiliteringa blir nok ikkje ferdig til skulestart, så elevane må førebu seg på noko byggjeverksemd, men det blir veldig bra når det blir ferdig, fortel Lassen.
Les òg: Bygde tre klasserom i natt
– Når byrjer skulen?
– Som i resten av fylket startar alle førstkommande måndag. Elevane på anleggsteknikk og vg 3 er først ut klokka 9.
– Resten av dei som går VG 2 startar klokka 10, medan vi tek imot dei nye elevene på vg1 og smågruppene klokka 11, fortel Lassen.
Oversikt over søkjerane
Tredje inntaktet til dei videregåande skulane er nettopp sendt ut, med frist 18. august til å svara for dei som har fått tilbod.
Nedanfor finn du oversikt over antal elevar på kvar linje på Os vidaregåande skule og kor mange som sto på venteliste før 3. opptaket (i parentes).
Vg1 BYGG OG ANLEGGSTEKNIKK - 31 (21)
Vg1 ELEKTROFAG - 28 (0)
Vg1 HELSE OG SOSIALFAG - 30 (8)
SPES,UNDERV.LITEN GR., ARBEID - 6
SPES,UNDERV.LITEN GR., HVERDAG - 5
Vg1 SERVICE OG SAMFERDSEL - 30 (0)
Vg1 TEKNIKK OG IND.PRODUKSJON - 45 (34)
Vg2 ANLEGGSTEKNIKK (landslinje) - 62 (12)
Vg2 BYGGTEKNIKK - 13 (0)
Vg2 ELENERGI - 15 (2)
Vg2 AMBULANSEFAG - 15 (38)
Vg2 BARNE OG UNGDOMSARBEIDERFAG - 15 (4)
Vg2 HELSEARBEIDERFAG - 14 (0)
Vg2 SALG,SERVICE OG SIKKERHET - 15 (7)
Vg2 TRANSPORT OG LOGISTIKK - 27 (0)
Vg2 ARBEIDSMASKINER - 15 (0)
Vg2 KJØRETØY - 15 (7)
Vg3 PÅBYGGING TIL GEN.STUDIEKOMPETANSE - 53 (0)
Vg3 ANLEGGSMASKINMEKANIKER (landslinje) - 11 (0)