Sport | 03. des. 2012

Fjerde rekord på to månadar

Sverre Lunde Pedersen tok 3, 5. og 7. plass i Kazakhstan. På 10.000-meteren blei det, med svært god margin, ny personleg bestenotering.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. des. 2012 13:18

Søndag gjekk Sverre Lunde Pedersen inn til ny personleg rekord på 10.000-meteren, under verdscupen i Astana i Kazakhstan.

Tida 13.08,82 er nesten 35 sekund betre enn den førre rekorden hans, 13.43,05 i Moskva i allround-VM for senior i Moskva i februar i år. Den gong betra han persen sin med 25 sekund.

Tida var god nok for 5. plass. Håvard Bøkko hamna på 4. plass på tida 13.07,54.

• I oktober sette Sverre to andre personeleg rekordar, 1.11,45 på 1000 meter og 3.44,98 på 3000 meter.
• Førre helg blei det ny pers på 5000 meter, 6.19,16.

Fem år gamal verdsrekord

Sven Kramer har verdsrekord på distansen, 12.41,69, som han gjekk i Salt Lake City i 2007.

(Då Johan Olav Koss sette ny verdsrekord på 10.000 meter i OL på Lillehammer i 1994, før klappskøytene blei tatt i bruk, var det med tida 13.30,35.)

Bronse i lagtempo

Laurdag gjekk Sverre 1500 meter og lagtempo.

På 1500-meteren blei det svært jamt, berre 98 hundredelar skilte dei ni beste på distansen.

Sverre hamna på 7. plass med den sterke tida 1.46,89.

I lagtempo, der Sverre gjekk saman med Håvard Bøkko og Simen Spieler Nilsen, kom Noreg inn på 3. plass.

Midtsiden har ikkje lykkast med å nå Sverre eller pappa og landslagssjef Jarle Lunde Pedersen for kommentar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.