Sport | 05. aug. 2015

Finalesøstrene

Torsdag skyt både Amalie og Sofie Evensen finaler under Landsskytterstemnet på Lesja. – Vi har aldri hatt tilsvarande resultat som i år, fortel Anstein Eidsvik.

Finalesøstrene
Søstrene Sofie og Amalie Evensen er båe klare for finalar under landsskytterstemnet (foto: Anstein Eidsvik, Os skyttarlag)
Andris Hamreonsdag 05. aug. 2015 19:53

Bildeserie:

Steinar og Else Eidsvik skaut sine første finalar onsdag. Her heime i skyttarhuset på Os (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steinar og Else Eidsvik skaut sine første finalar onsdag. Her heime i skyttarhuset på Os (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 1

Os Skyttarlag har levert tidanes beste prestasjoner under landsskytterstemnet på Lesja den siste veka. På rekke og rad har den eine skyttaren etter den andre skote seg til finale.

– Sofie skjøt fantastisk og med unntak av ein niar i andre serie prikka ho inn kun tiarar. Det holdt til 249 og finaleplass i klasse rekrutt, fortel Eidsvik.

Dermed gjorde ho som storesyster Amalie, som sist sundag, skaut ein fantastisk serie i baneskytinga for eldre rekrutt og kvalifiserte seg til finalen. Som den første frå Os sidan 1984 ligg Amalie på skive ein under finalen i morgon.

Minst 15 finalistar

I heile 15 finaler er skyttarar frå Os representert.

– Det kan faktisk vera at vi er i 16 finaler. Vi er ikkje sikker enno på om Øystein Haugland kvalifiserte seg på klasse 5 i dag, seier Eidsvik.

Haugland leverte ei fantastisk start på dagens innleiiande skyting (som òg var kvalifisering til kongelaget) og leia laget sitt etter dei første 10 skota. Fem tiarar på ståande skyting gjorde at han toppa lista og blei vist på direkten på NRK si sending frå landsskytterstemnet.

– Han fekk nok divverre kongesjelven etter den fantastiske stå-serien.

Nestorane leverte

To av finalistane har allereie vore i sving i sine første finaler. Ekteparet, og nestorane i Os skyttarlag, Steinar og Else Eidsvik skaut båe finale i V73 på bane onsdag ettermiddag. Steinar leverte 97 poeng på dei 10 skudda, medan Else skaut 100 av 100 moglege poeng.

– Dei leverte bra båe to. Ho mor gjorde det verkeleg skarpt, han far gjorde same tabben som han gjorde på den innleiande skytinga og skaut for høgt, forklarar Eidsvik den yngre.

Konkurransa i klassa var kanontøff. Ni skyttarar hadde 250 poeng før dei ti siste skota og skaut fullt hus. Ti skyttarar låg eitt poeng bak, blant anna Else Eidsvik, og skaut fullt hus. I finalen tel antal innertiarar på resultatlista, noko som gjer at Else Eidsvik kom på 19. plass med fem innartiarar.

– Tre med reelle sjanser

Anstein Eidsvik er optimistisk før finalane torsdag og fredag.

– I morgon har vi tre med reelle sjanser til å vinna på 100 meter banen.

– Søstrene Evensen kan fort vinna kvar si klasse. Sofie i rekrutt og Amalie i eldre rekrutt. I tilegg har vi Reidar Dahle i V65 som ligg med full pott og 250 poeng før finalen.

– Moglegheitene er der ògså for Arvid Austefjord og Tor Egil Gjerde som skal skyta V55 på 200 meterbanen. Dei ligg litt bak dei beste før finalen, men er på skothold, seier Eidsvik.

Finalane kan ein følgje direkte på DFS sin livestream her.

Austefjord og Gjerde skyt frå klokka 9, Det same gjer Amalie Evensen. Sofie Evensen går på standplass klokka 1030, medan Dahle er sist ut av osingane klokka 1130.

6 i finale fredag

Fredagen held fram med felt-finaler. Der stillar Os skyttarlag med seks skyttarar.

Else Eidsvik, Steinar Eidsvik og Oddvar Eikemo i V73, Sofie Evensen i rekrutt (etter fullt hus i innleiande), Anstein Eidsvik i NM-felt (etter fullt hus i innleiande) og Terje Os som skyt både i NM-felt og V55 med 29 treff etter innleiande runde.

– Terje skal faktisk skyte to konkurransar i eitt, avsluttar Anstein Eidsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.