Første på skive éin sidan 1984!
Amalie Evensen (15) med fantastisk skyting på landsskyttarstemnet på Lesja. Kvalifiserte til finale med 24 innertiarar og 250 poeng.
Os skyttarlag har ein tropp på 33 skyttarar under landsskytterstemnet og dei imponerar. Etter tre dagar skyting er åtte osingar klare for finaleskyting kommande helg. Mest av alt imponerte ungjenta Amalie Evensen (15) som skaut seriar ut av ei anna verd på baneskytinga 100 meter for eldre rekrutt.
– Etter 5 innertiere på første serie, dro hun til med en «10 komma gull» på første skudd i andre, fortel Helge Eidsvik på heimesida til laget.
Ungjenta følgde opp og prikka inn den eine innertiaren etter den andre. Heile 24 i talet og 250 poeng.
– Ho er med det den første osingen sidan 1984 som skal ligga på skive éin i ein finale under landsskytterstemnet.
På landsskytterstemnet sin web-TV kan du sjå Amalie si skyting (spol 07:45:50 ut i opptaket)
Viste lovande takter
At ungjenta har klart på prikka inn formen opp mot Landsskytterstevnet er det liten tvil om. Helga før vann ho klassa for eldre rekrutt på Haddingen i Hemsedal med 350 poeng og heile 28 innertiarar.
Også under Noregscupstemnet i Alvdal veka før landsskytterstemnet viste ho at noko var på gang med solide resultat med seriar på 348, 349 og 349.
Torsdag klokka 09 skyt Amalie finale på 100 meteren.
Finaleklar er også Amalie si lillesøster Sofie Evensen som med 30 treff skaut seg til finale i finfelt. Dei andre osingane som er finaleklare etter tre skytedagar er: Reidar Dale (V73), Oddvar Eikemo (V73), Else Eidsvik (V73), Steinar Eidsvik (V73), Anstein Eidsvik (4), Arvid Austefjørd (V55).