Finaleklare
Os J14 er klare for finalen i julecupen i handball etter ein thriller av ein semifinale mot Bjarg.
14-årsjentene til Os gjekk relativt enkelt gjennom dei innleiiande kampane med siger over Åsane (9-4), Fana 2 (10-5) og Sotra 1 (10-7).
I kvartfinalen venta Fana 2 på nytt og jentene gav enno meir gass enn i den innleiande kampen. Etter endt kamp kunne jentene juble for 19-3-siger.
Tett og tøft
Semifinalen blei akkurat så tett og tøff som trenar Gitte Torp hadde venta, men Os viste kva som bur i deg og vann med knappast mogleg margin 11-10.
– Dette var stort.
– Omlag halve laget til Bjarg spelte på Gneist i fjor og var med på å bli Noregsmeistre, sjølv om dei var eitt år yngre enn motstandarane, fortel Torp.
Samstundes med at A-lagsspelar Line Hjelle Berentsen speler NM finale med Tertnes Elite skal etterfølgerane ut i den prestisjefylte finalen i romjulscupen.
Fana 1 står på motsatt banehalvdel etter å ha slått ut Gneist 2 i semifinalen med 13-6. Kampen spelast klokka 14 i Haukelandshallen.