Frå Os til Oslo Spektrum
Måndag speler ho NM-finale i handball i Oslo Spektrum med Tertnes Elite. – Det er stort og litt uverkeleg, seier Line Hjelle Berentsen.
Til dagleg er ho ein viktig venstre back på Os Turn sitt damelag i handball. Måndag entrar ho parketten i Oslo Spektrum på handballen sin festdag - NM Finalane. Gjennom samarbeidet med Tertnes Elite har Line Hjelle Berentsen fått moglegheiten til å spela med dei beste på Tertnes sitt J20-lag som har tatt seg heile vegen til finalen.
– Kven hadde trudd det. At eg skulle få vera med på ein NM-finale i spektrum.
– Eg som alltid har vore ein heilt ordinær handballspelar, smiler Line Hjelle Berentsen.
Frå keeper til back
Line Hjelle Berentsen spelte til for fem år sidan som keeper på Os.
– Eg har alltid vore litt potet.
– På 93-laget var vi 3-4 keeperar og når backen vår rauk korsbåndet fekk eg spørsmål om eg ikkje kunne spela back, noko eg gjorde.
– Det var vel Torben Hansen, som var trenar på bringlaget vi hadde saman med Bjørnar for nokre år sidan, som såg potensialet i meg, men det har tatt tid, fortel ho ærleg.
Takkar lagvenninna
Allereie i førre sesong byrja det å løsna litt for Line, men ho hadde bestemt seg for at ho ville oppleva verda og reiste på ei rundreise jorda rundt.
– Då eg kom heim att frå turen greip Marte Øvreeide tak i meg.
– Ho drog meg med på treningssenteret for styrkeøkter og løpeturer for å få eit godt grunnlag før denne sesongen.
– Marte viste meg kva og korleis eg skulle bli sterkare og var, og er, ein stor motivator for meg.
– Det er ikkje alltid så lett å koma seg ut sjølv, men vi avtalte tider frå dag til dag.
– Når du veit at noko ventar på deg, kan du ikkje sluntre unna.
– Eg har gode trenarar i Erlend Lyssand, Torbjørn Bøthun og Daniel Birkelund, men er det nok Marte som skal ha den største æra for at det har løsna denne sesongen, fortel Line.
Ei jul med trening
Sidan jenter-20-laget til Tertnes Elite berre spelar saman i NM, så blir det ikkje så mange treningar med lagvenninnene.
– Det er jo eit samarbeidslag med spelarar frå Os, Gneist, Viking og Tertnes, så vi trenar mykje i våre eigne lag, men ikkje så mykje saman.
– Fram til fredag har det blitt mykje eigentrening og trening med Osdamene. Eg var sjuk i 14 dager før jul, så eg har hatt litt å ta att.
– No er det økter med Tertnes fram til vi reiser til Oslo sundag ettermiddag. Vi er godt førebudd og skal ha ein god sjans mot Gjerpen, trur Line, som skryt av tidlegare lagvenninne Anna Bjørke Kallestad, som gjekk til Viking før sesongen.
– Eg var og såg Viking mot Gjerpen rett før jul. Då var Anna skikkeleg god. Eg håpar ho er det på måndag også, smiler den alltid like blide venstre backen.
Spent på speletid
Som andrevalet på venstre back reknar ikkje Line med mykje speletid i finalen.
– Det er eg førebudd på. Vilde Ueland som spelar på Viking er ein utruleg god spelar.
– Får eg sjansen må eg berre gripa den.
– Kva er ambisjonane framover då?
– Eg har mykje å læra på handballbanen. Du veit det er berre 5 år sidan eg blei utespelar, så eg er langt frå utlært.
– NM-finalen vil gje mykje lærdom og bli spennande i høve det å spele viktige kampar.
– Ambisjonen er nok ein dag å spela på høgre nivå, men på kort sikt er eit høgt 2. divisjonsnivå med Os det rette for meg, avsluttar Line Hjelle Berentsen.
P.s. Det er ikkje berre som spelarar Os har to med i NM-finalen. Til å dømma oppgjeret mellom Tertnes Elite og Gjerpen har Noregs Handballforbund plukka ut Charles Whiteley, som fram til denne sesongen dømde for Os. Grunna samarbeidet med Tertnes gjekk han til Kalandseid som dommar for framleis å kunne dømme på toppnivå. Whiteley dømmar saman med Andreas Borge frå Bjørnar.