Fem målskårarar då Os vann sesongens siste bortekamp
– Vi tok meir og meir over, bra gjort av gutane, seier trenar Endre Brenne.
Os spelte i dag sesongens nest siste seriekamp. Kampen gjekk borte mot Grorud 2, som Os slo 4-0 heime i juli.
I dag starta vertane best, og skåra i første speleminutt.
– Kampen levde gjennom første omgang, men vi tok meir og meir over, seier trenar Endre Brenne.
Grorud 2 - Os 1-5 (1-3)
Stall og kampfakta på fotball.no
Sverre Spangelo Haga utlikna i 8. minutt, Steffen Kvamsdal blei matchvinnar med skåring ni minutt seinare.
Eirik Rysjedal la på til 1-3 før pause. Håvard Vatland Karlsen skåra 1-4-målet, toppskårar Daniel Kvalvågnes putta kampens siste.
Kvalvågnes er oppe i 20 mål på 24 kampar og held seg på 3. plass på toppskårarlista for avdelinga.
Trass tre poeng blei det ikkje klatring på tabellen. Fana på 3. plass låg under for Skedsmo, men vann 4-2 og har framleis eitt poeng meir enn Os.
Os avsluttar sesongen søndag om ei veke heime mot Sandviken i det som blir 4. plass mot 5. plass.
- Tabell og terminliste på fotball.no
Brenne, som skåra for Os 2 i går, var innpå banen for A-laget i dag. Vi snakka med han mens han nyleg var landa frå Oslo-turen og skifta sko på Kuventræ for eit mogleg innhopp på opprykksklare Os 3.
Det betyr speletid for tre seniorlag på 30 timar om han blir byta inn.
– Målet var skåring for alle tre, men eg var ikkje borti ballen ein gong dei få minuttane eg var innpå for A-laget i dag, seier Brenne og ler.