Fotball | 21. okt. 2023

Søfteland tapte - Os 3 rykker opp

Maskotar, bluss og eit veddemål skal prega serieavsluttinga heime søndag.

Søfteland tapte - Os 3 rykker opp
Os 3-jubel då dei i mai slo Søfteland 4-3 heime. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 21. okt. 2023 17:55

Os 3, som rundar av serien heime i morgon, er grunna Søfteland sitt tap for Njardar/Tysnes i dag sikra opprykk til 6. divisjon.

Dei to øvste laga rykker opp frå avdelinga.

Os 3 ligg på 2. plass med 28 poeng. Søfteland var med 25 poeng einaste lag som kunne tatt dei igjen.

– Opprykk var målet, og vi gler oss over at det er i boks. Men vi skulle helst hatt Søfteland med oss opp i 6. divisjon, seier Os 3-trenar Espen Engevik.

Søfteland på 3. plass tok imot Njardar/Tysnes på 4. plass i dag. Gjestane gjekk opp i 0-2 før Søfteland reduserte til ved Jonathan Heggeland Lien.

I andre omgang auka Njardar/Tysnes forspranget til 1-5 før Tommy Wold Gjelsvik i 82. minutt pynta på resultatet til 2-5.

Os 3 på 2. plass tar imot Smørås 3 på 5. plass søndag kveld.

Med siger klatrar Os 3 forbi Kalandseid og vinn avdelinga. Dei to rykker opp saman uavhengig av resultat.

– Fest blir det uansett, men eg er ikkje heilt nøgd utan siger i morgon, seier Engevik.

– Festen blir dessutan litt betre om Endre Brenne ikkje skårer på frispark i morgon, legg han til.

Etter å ha tatt eit frispark heime mot Søfteland, som nesten landa på Liafjellet, vedda nemleg A-lagstrenaren på at han skulle skåra på frispark i løpet av sesongen.

Det blir blanda kjenslar om han skårar i morgon, for om han taper veddemålet må han kjøpa inn ymse varer til opprykksfesten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.