Fekk tomlane opp
Eit samrøystes Plan- og bygningsutvalet gav Os MC & MX-klubb også i vinter lov til å køyra på Ulvenvatnet.
Plan- og bygningsutvalet handsama torsdag ein søknad om å få lov til å køyra iscross på ein liten del av Ulvenvatnet også kommande vinter. Eit samrøystes utval gav løyve.
– Det er gledelege nyhende!
– Vi hadde slitt med å få trent i vinter om vi ikkje hadde fått lov til å nytta Ulvenvatnet, seier leiar i Os MC & MX-klubb, Jane Espeland.
Sjå bildeserie og video frå kjøringa på isen på Ulvenvatnet i januar i år.
Hadde 8 helger
Klubben fekk for første gong lov til å nytta Ulvenvatnet sist vinter.
– Vi hadde 8 flotte helger førre vinter.
– Kor mange som nytta tilbodet har eg ikkje her og no, men det låg rundt 20 køyrarar kvar dag.
– Det var faktisk eit så populært tilbod at folk meldte seg inn i klubben for å få lov til å køyra. Dei kom med endurosykler som dei hadde skrudd piggar i dekka på og hadde det heilt utruleg kjekt, fortel Kalle Pedersen.
Stor rekruttering
Dei to fortel at klubben det siste året har opplevd ei enorm rekruttering.
– No tel vi 230 medlemmar med omlag 100 aktive køyrarar.
– Vi er faktisk så mange at om vi set syklane etter kvarandre s�� kjem vi rundt heile banen vi har på land.
– Det at vi får lov til å køyra på isen i vinter gjer at vi kan halde aktiviteten oppe.
– Ikkje minst er det ein stor motivasjon til gjengen på Kjør for Livet-teamet, fortel Espeland.
Fleire kjem etter
Os MC & MX klubb fekk vitjing av fleire søsterklubbar i vinteren som var.
– Det kom køyrarar frå Sotra og Meland mellomanna.
– No har eg forstått at også Voss og Sykkulven vil søkje på same måten som vi har gjort.
– Dei har i allefall vore i kontakt med oss og fått søknaden vi sendte, avsluttar Espeland og Pedersen som håpar på tjukk og trygg is i vinter.
Utvalet tok vel imot administasjonen sitt innspel om å utarbeide ein forskrift for motorisert ferdsel på Ulvenvatnet både for sommar- og vinterstid.