Håper på tjukk is
Os MC og MX-klubb/Kjør for Livet håper på tjukk is på Ulvenvatnet også denne vinteren og søkjer kommunen om lov til å køyre på den.
Motocross-klubben søkte i fjor vinter om å få nytta ein liten del av Ulvenvatnet til iskøyring. Sjølv om søknaden kom brått på innvilga plan- og bygningsutvalet søknaden.
I år håpar Os MX og MC-klubb/Kjør for livet på like bra tilhøve og har igjen søkt om lov til å nytta eit lite område i nordre del av Ulvenvatnet til aktiviteten.
Les òg: Med piggdekk på isen
Ein fantastisk vinter
I søknaden, som skal handsamast i plan- og bygningsutvalet torsdag om ei veke, skriv klubben:
"Vi hadde ein fantastisk vinter med masse kjøring på vatnet med fornøyde utøvere som fekk trene på isen og som ellers hadde vert uten treningstilbud i vinter om ikkje vi hadde fått kjøre på Ulvenvatnet. Det vi håper er at vi kan gjenta sukessen i vinter om vi får trygg is."
Klubben vil, som i fjor, ta ansvaret for tryggleiken både for køyrarane og publikum og syta for å dokumentera istjukkelsen.
Positiv innstilling
Kultursjef Lisbeth Axelsen, som legg saka fram for plan- og bygningsutvalet er positivt innstilt til søknaden. Ho foreslår at utvalet gjev lov til å nytta eit lite avgrensa område i nordre del av Ulvenvatnet til iskøyring i perioden 1. desember 2013 til 30. mars 2014.
Føresetnader for slikt løyve er i følgje saka at:
- Området som skal nyttast skal tydeleg merkjast, og storleiken på området skal godkjennast av kommunen v/Brannsjef.
- Os MC og MX klubb har saman med «Kjør for livet» det fulle og heile ansvaret for tryggleiken kring aktiviteten, i tråd med det søkjar sjølv held fram i søknaden.
- Klubbane står også ansvarleg for at løyvet ikkje vert misbrukt.
- Søkjar må syta for at naudsynte risikoanalyser er føretekne og at beredskapsplan er utarbeidd før arrangement kan gjennomførast. Slik plan skal leggjast fram for Brannsjef før aktivitet tek til. Naudsynt informasjon/ kontakt med Os brann- og redningsvesen og lokalt politi må ivaretakast.
- Aktivitet må ikkje leggjast opp slik at denne vert til vesentleg sjenanse for omgjevnadane.