Sport | 05. okt. 2014

Fekk sju humrar i éi teine

Midtsiden-lesarar har sendt oss både fine bilde og imponerande fangsrapportar. Her er vinnarane av konkurransen.

Fekk sju humrar i éi teine
Vivian, Nathalie, og Victor fekk to humrar i dei to siste teinene. Richard Walden fekk sju i éi teine, den eine var 2,5 kilo (t.h.). (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. okt. 2014 22:27

Bildeserie:

Fredrik Strønen Sperrevik (5) fekk to humrar første dag. (Lesarbilde)
Fredrik Strønen Sperrevik (5) fekk to humrar første dag. (Lesarbilde)
Sånn såg stampen til Mathias (14) og Johnny Dale ut. (Lesarbilde)
Sånn såg stampen til Mathias (14) og Johnny Dale ut. (Lesarbilde)
Victor fekk ingen i dei 8 første, men 2 i dei siste. (Lesarbilde)
Victor fekk ingen i dei 8 første, men 2 i dei siste. (Lesarbilde)
Victor fiska saman med Vivian og Nathalie. (Lesarbilde)
Victor fiska saman med Vivian og Nathalie. (Lesarbilde)
Richard Walden fekk 7 i 1 teine. (Lesarbilde)
Richard Walden fekk 7 i 1 teine. (Lesarbilde)
Den største vog 2,5 kilo. (Lesarbilde)
Den største vog 2,5 kilo. (Lesarbilde)
1 av 6

Onsdag starta årets hummarfiske, torsdag fortalte vi om fangsten til fleire fiskarar, inkludert ordførar Terje Søviknes.

I tillegg lyste vi ut ein konkurranse om beste bilde frå årets hummarfiske i Os med ei teine frå Jernia Paul M Sælen & Co i premie.

Bidraga var litt få, men veldig fine:

Roald Helle fortel om Vivian, Nathalie, og Victor som byrja å mista håpet etter null humrar på dei første åtte teinene, men både i teine nummer ni og ti var det svart fangst og det blei hummar til middag i haustferien.

Johnny Dale har fiska saman med sonen Mathias (14) og fekk fem humrar, tre på 25,5 cm og to på 27 cm. I tillegg blei det mykje krabbe.

Ein stolt Fredrik Strønen Sperrevik (5) har fiska med pappa Chris Robert og fått fire humrar. To var med rog og måtte uti igjen, to andre kunne han ta med heim.

Richard Walden var den som tok kaka første dag i hummarfisket. Han fekk sju humrar i éi teine. Den største var dessutan heile 2,5 kilo.

Vi lovde premie til beste bilde - men gir tilleggspremie for imponerande fangst.

Desse to vinn éi teine kvar: Roald Helle (saman med Vivian, Nathalie, og Victor) og Richard Walden.

Vinnarane kan henta premien hos Jernia Paul M Sælen & Co i Os sentrum.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske i Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.