Fin start på årets hummarfiske
Per Pedersen fekk to i første teina, ordførar Terje Søviknes fekk 22 på 20 teiner. Send oss bilde av din fangst og vinn ei hummarteine!
I går starta årets hummarfiske og i dag var fiskarane ute og drog opp dei første teinene.
– Det var to små humrar i den første teina, men ingen i dei fire neste. No er eg spent på dei siste fem, seier Per Pedersen.
Med rufsete vêr onsdag gjekk han ikkje langt med teinene, dei fleste er rundt Os hamn.
– Vi har også drege fem av ti teiner, men ikkje fått noko. Heldigvis har vi allereie fått 10-15 krabbar, seier brørne Trond og Geir Olav Nødland, også dei med teiner utanfor Haugsneset.
Send oss rapport og bilde - vinn premie!
Har du fått hummar i dag? Send oss rapport på mengde og legg ved bilde av fiskar og fangst.
Send til kjetil@midtsiden.no innan torsdag kveld 2/10 klokka 24.00 (midnatt).
Fiskaren på det beste bildet (ikkje den beste fangsten) vinn éi hummarteine. Fangsten må vera frå i dag, torsdag 2. oktober, og tatt i Os.
Premien er verdt drygt 500 kroner og er sponsa av Jernia Paul M Sælen & Co AS i Os sentrum.
– Det er første året på lenge at vi sel teiner, og vi har nettopp bestilt nye etter å ha selt 40 teiner på under to veker, fortel Hans Kristian Sælen.
Søviknes tok fleire enn i fjor
I fjor var Terje Søviknes ute og drog teiner parallelt med musikar Ole Reinert Berg-Olsen. Søviknes, som er registrert som yrkesfiskar, fekk 16 humrar på 22 teiner.
– I år blei det litt betre, 22 humrar på 20 teiner. Men det var mange med rogn og eg måtte kasta 12 av dei ut igjen, seier ordføraren.
Svogeren Erik Larssen fekk også meir enn i fjor, 11 mot 9 i fjor, begge år måtte to ut i sjøen igjen grunna rogn.
– Han hadde halvparten så mange teiner, men fekk den største, ein fin ein på 30 cm, skryter Søviknes.
John Lepsøy, som bur i Vindu mot Fjorden i Os hamn, var ikkje like heldig. Han har flukta frå Os og ut mot Lepsøy med teinene, sidan dei står så tett rundt Os.
– Eg fekk to, ein som var for liten og ein fin ein med rogn, som også måtte kastast i sjød'n igjen, fortviler han.
Reglar for hummarfiske - sjå fiskeridir.no.