Fekk påbygg i gåve
Leiar i Os Pensjonistlag, Johannes Taule, fekk bursdagsgåva han ønskte seg då plan- og bygningsutvalet godkjente utvidinga av eldresenteret.
På siste møte før sommarferien handsama plan- og bygningsutvalet ein søknad frå pensjonistforeninga om å få utvida salongen på eldresenteret slik at dei kunne ta imot fleire brukarar. Utvalet valde å følgje administrasjonen si innstilling og sa nei til søknaden.
Torsdag blei saken handsama på nytt etter at pensjonistforeninga klaga på vedtaket.
– Slik det er no har vi ikkje plass til alle som kjem på trimmen til kaffidrøsen etterpå, fortalde Johannes Taule då utvalet stakk bortom for ei synfaring.
– Det vi ber om er å få utvida salongen ut til den eksisterande muren, noko Statens vegvesen har gitt oss dispensasjon til.
– Eg har berre ei oppmoding før de går i møte, vær så snill å gje oss løyve, helsa Taule før politikarane trakk seg tilbake til rådhuset.
Gav likevel dispensasjon
Då plan- og bygningsutvalet handsama saka var det brei einigheit om at det var rett å snu, og likevel gje løyve til utvidinga.
Gustav Bahus (Frp) og Terje Sperrevik (Tvs) var samde i at informasjonen som blei lagt fram ved førre behandling hadde vore noko uklar.
– Eg går for at dei skal få bygga ut og få til den trivelege aktiviteten dei driv med, argumenterte Sperrevik.
Eit samrøystes plan- og bygningsutvalet i Os kommune gjorde følgjande nytt vedtak:
I medhald av § 19-2 og 20-1 i plan- og bygningslova dispenserer Plan- og bygningsutvalet i Os kommune frå reguleringsplanen for Osøyro, Hamnevegen, Lientomten 63/24 med reguleringsføresegner og godkjenner søknad om løyve til tiltak, tilbygg på gnr 63, bnr 41, Hamnevegen 40, i samsvar med søknad mottatt 19.04.13.
I vedtaket argumenterte utvalet med følgjande for å gje dispensasjonen.
- Omsøkte tilbygg blir plassert oppå eksisterande mur mot Hamnevegen og samla sett kan tiltaket ikkje sjåast vesentleg å setja til side omsyna bak gjeldande reguleringsplan.
- Det omsøkte tiltaket vil ikkje setja til side lova sitt føremål.
- Samla sett er det grunnlag for å gi dispensasjon frå reguleringsplanen for Osøyro, Hamnevegen, Lientomten 63/24 med reguleringsføresegner.
- Fordelane ved ein dispensasjon i dette tilfelle er klårt større enn ulempene.
- Naboar har ikkje merknader til søknaden