Blir nekta å utvida
Vegvesenet seier ja, naboane har ikkje noko mot det, men likevel seier kommunen nei til ei utviding av seniorsenteret med 42 kvaderatmeter.
Os pensjonistforening starta for omlag eitt år sidan ein innsamlingsaksjon for å samla inn 8 millionar kroner til ei utvidinga av seniorsenteret på baksida av dagens bygg.
– Diverre har vi så langt ikkje lukkast, og vi såg difor på moglegheiten til å utvida salongen med 42 kvaderatmeter fram til muren som allereie står der.
– Dette ville kosta oss omlag éin million kroner, noko vi har midlar til, forklarar Johannes Taule, leiar i pensjonistforeninga.
Var innanfor tidlegare plan
Hadde søknaden frå pensjonistforeninga kome medan den gamle reguleringsplanen for området var gjeldande hadde truleg utvidinga gått i orden. Men i samband med planane om bustadbygging på tomta bakanfor og den opprinnelege utvidinga av seniorsenteret blei det utarbeidd ein ny reguleringsplan kor også føresegnene i planen blei endra.
Det er desse plan- og bygningsutvalet støttar seg til når dei ikkje vil gje dispensasjon frå byggjegrensene i planen.
– Vi forstår ikkje kvifor plan- og bygningsutvalet ikkje vil gje oss denne dispensasjonen.
– Muren står lovleg, ikkje vil det skjemma bygget, ingen av naboane har klaga då dei fekk nabovarsel.
– Sjølv vegvesenet seier i si uttale at dei meiner det kan gjeast dispensasjon, likevel vedtek kommunen å seie nei fordi dei meiner det kan skapa presedens, fortel ein oppgitt Johannes Taule.
Treng meir plass
Taule hadde håpa politikarane hadde sett behovet og gått for det alternative framlegget administrasjonen fremma.
– Der skriv dei jo at fordelen ved ein dispensasjon er klart større enn ulempane.
– Og det er det ikkje tvil om at dei er.
– Slik vi har det i dag, har vi ikkje plass til alle som til dømes er med på fredagstrimmen.
– Der kjem det både medlemmar i foreninga og andre som deltek. Når trimmen er ferdig samlast vi til kaffi og ein matbit, men no har vi ikkje plass til at alle kan sittja samla.
– Hadde vi fått utvida hadde vi fått dei 20 ekstra plassane vi treng, forklarar Taule.
– Gjer ein sabla god jobb
Som leiar av pensjonistforeninga gjennom 10 år, og som medlem i eldrerådet i fleire periodar har Taule fått mang ei positiv tilbakemelding frå politikarane på at dei er eit viktig bidrag i bygda.
– Vi gjer eit sabla godt arbeid for dei eldre.
– Gjennom sosialt samvær og trim bidreg vi til å halde behovet for kommunale tenester nede.
– Ta berre no i sommar som eksempel. Eigentleg stenger vi til St. Hans med dei ordinære aktivitane, men kvar onsdag kjem vi til å ha kafé.
– Då vi hadde tilsvarande i fjor var det omlag 40 eldre som kom inn for å møtast og ha eit sosialt samvær kvar gong.
Vil klaga på vedtaket
Taule fortel at saka har vore drøfta både i styret og med brukarane av seniorsenteret etter at det blei kjend.
– Vi kjem sjølvsagt til å klaga på det slik vi har moglegheiten til.
– Så får vi håpa dei snur når dei får saka oppatt på nytt, avsluttar Johannes Taule.