Lokal | 11. juni 2012

Pensjonistar på pengejakt

Os Pensjonistforening vil utvida for 10 millionar kroner. – Sidan bygget var nytt har medlemstalet auka frå 50 til 250, seier Johannes Taule

Pensjonistar på pengejakt
F.v.: Kjell Askeland, Johannes Taule, Bernhard Hjelle, Asvald Bjoarvik og Liv Bårtvedt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 11. juni 2012 22:33

I september 1985 blei Os Eldresenter opna. No, 27 år etter, er pensjonistane i Os klare for å utvida senteret.

– Det er faste aktivitetar her nærmast kvar dag heile veka, dans, trim og handarbeid. I helgene er det mykje utleige, fortel formann Johannes Taule.

I desse dagar går det ut skriv til både husstandar og bedrifter i Os, der pensjonistforeininga fortel om planane og inviterer til å delta med nokre sponsorkroner.

8 millionar på 6 månadar

– Vi lånte 2 millionar kroner i 1985 og lånet er nedbetalt. Også den gong var det mange som kom med pengegåver til realiseringa, private, bedrifter og det offentlege.

– Tilbygget vil truleg koma på rundt 10 millionar kroner. Heller ikkje denne gong har vi plan om å låna meir enn 2 millionar, seier Taule med glimt i auga.

– Så de treng rundt 8 millionar kroner. Kor lang tid håper de å bruka på å samla nok sponsorkroner?

– Skal vi halda framdriftsplanen så bør vi ha finansiering på plass rundt nyttår.

Også utanfor kommunen

I dag sat styret saman med Kjell Askeland frå styret i Stiftelsen Os Eldresenter og jobba flittig på kontoret i senteret. Det gjekk i pakking av konvoluttar og gjennomgang av lister over potensielle støttespelarar blant bedriftene i Os.

– Vi deler oppgåvene mellom oss. Vi har også folk som tar kontakt med bedrifter og offentlege instansar utanfor kommunen.

– Vi reknar ikkje med at osingane skal hosta opp 8 millionar kroner, vi må nok finna ein og annan ruvande gåvegjevar òg, trur Taule.

Stort og veksande behov

Då eldresenteret sto ferdig i '85 hadde Os Pensjonistforening rundt 50 medlemmar. I januar i år hadde dei 253 medlemmar.

– Vi har ikkje plass til halvparten av dei ein gong, vi kan dekka til rundt 100. Og på fleire arrangement, om vi er 70 på Dansens Venner eller 50 på trim om fredagen, så er det for tett.

– Og vi blir ikkje færre folk i Os, ikkje færre eldre heller. No er det på tide å bygga for framtid.

Taule har nok rett. Os er blant kommunane i Noreg med mest vekst i folketalet. Blant 17.726 innbyggarar 1. januar i år var 1.844 67 år eller eldre.

I aldersgruppa 55-66 år er det heile 2.450 innbyggarar, frå 40-54 er det 3.481.

Doblar salen

Tilbygget ABO plan og arkitektur har teikna inn står i stil med eigedomsprosjektet Hamnehagen på nabotomta.

Bygget er på eitt plan og husar ny sal på 185 kvadratmeter, scene på 30 kvadrat, eit lager og eit større garderobeanlegg.

Dagens sal er på 123 kvadratmeter, salongen er på 30 kvm.

Folketalet i Os, etter alder (1.1.2012)
Totalt: 17.726
0 år: 260
1-4: 1.134
5: 281
6-12: 1.732
13-15: 747
16-19: 954
20-39: 4.843
40-54: 3.481
55-66: 2.450
67-79: 1.322
80-89: 427
90 - : 95

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.