Politi | 28. juli 2023

Fekk melding om rusa mann på sparkesykkel

... og ein 12-åring på sparkesykkel i 80-sona.

Fekk melding om rusa mann på sparkesykkel
Meldinga om rusa mann på sparkesykkel kom frå innringar som handla på Spar Nore Neset. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. juli 2023 07:40

Torsdag klokka 16.44 fekkpolitiet melding om ein tydeleg rusa mann på sparkesykkel ved Spar Nore Neset.

– Då patruljen kom til staden var personen fordufta, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet ber publikum halda fram med å ringa 02800 om dei ser rusa folk bak rattet eller på sparkesykkel, og minner samtidig om at det er påbod om forsikring om du køyrer motoristert sparkesykkel.

Tidlegare på dagen, klokka 14.54, fekk politiet melding om ein ung person på sparkesykkel i 80-sona på Hatvikvegen.

– Det viste seg å vera ei jente i slutten av barneskulealder. Ho skal ha vingla og virka usikker. Patruljen tok kontakt med foreldra, og dei blei einige om vidare transportetappe.

Torsdag ettermiddag, klokka 16.38, fekk politiet melding om feilparkert bil i Brugata.

– Politiet oppmodar bilistar å sjå til at dei parkerer sånn at ikkje andre blir stengt inne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.