Politi | 28. juli 2023
Stal for 10.000 kroner i butikk på Osøyro
Mistenker at tre personar samarbeidde.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. juli 2023 09:31
Torsdag rundt klokka 13.50 fekk politiet melding om tjuveri frå ein butikk i Os sentrum.
– Det var tatt varer for rundt 10.000 kroner, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Det blei observert tre moglege gjerningsmenn.
– Forholdet blir meldt, skriv Lyssand i rapporten.
Det er foreløpig ukjent om politiet har personalia på dei mistenkte. Dei har foreløpig berre fått ei oppringing frå den aktuelle butikken.
Artikkelen blir oppdatert om vi får meir informasjon.