Lokal | 10. sep. 2013

– Fekk hovudsaka gratis

SV heldt seg stabile frå stortingsvalet i 2009 til valet i går, og gjekk opp samanlikna med kommunevalet i 2011. – Vi fekk saka med reinhaldarane servert gratis, seier Vigdis Vestvik.

– Fekk hovudsaka gratis
Vigdis Vestvik saman med Audun Lysbakken på Os i slutten av august (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 10. sep. 2013 15:38

SV tok tydeleg og tidleg reinhaldarane si side etter at dei mista jobben som følgje av anbodskonkurransen i Os kommune.

– Eg trur den saka er ein av hovudgrunnane til at vi gjekk fram frå kommunevalet for to år sidan.

– På mange måtar fekk vi gratis hjelp frå dei blå-blåe, då vi kunne fokusera på konsekvensane av deira politikk i høve til arbeidstakarane sin situasjon med utgangspunkt i reinhaldssaka, seier leiar i Os SV, Vigdis Vestvik, dagen etter at valresultatet er klart.

Støtte på stand

Ho fortel om mykje støtte på stand dei siste veken, noko som kan ha bidrege med at partiet fekk ei oppslutning på 3,1% (3,2 i 2009) lokalt og 4,1% (-2,1% frå 2009) på landsbasis.

– Folk eg ikkje veit kven er, har kome bort til oss og uttrykt støtte til oss og den kampen vi har kjempa for arbeidstakarane, både no og i omsorgsstreiken i fjor.

– Eg trur folk lokalt har sett dei faktiske konsekvensane av høgresida sin politikk gjennom desse sakene.

Nøgd med mobiliseringa

Tysdag 27. august vitja partileiar Audun Lysbakken Os for å visa den sama støtta.

– Eg er nøgd med den jobben vi gjorde i høve å mobilisera slik at Audun beholdt plassen på stortinget.

– Samstundes er eg veldig glad for at Frp gjorde det så mykje dårlegare enn dei sjølv kanskje forventa.

– Den siste intense innspurten har vore travel, men den gav resultat, meiner Vestvik som trur SV vil tena på å stå utanfor regjering den kommande perioden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.