Politi | 24. apr. 2023
Fekk forelegg på 9700 kroner
Tatt med telefonen i handa.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. apr. 2023 09:30
Søndag i 11.30-tida blei ein bilist stoppa av politiet grunna bruk av handhalden mobiltelefon under køyring.
Patruljen gjorde observasjonen då dei tilfeldigvis møtte bilisten ved eit fotgjengarfelt i Os sentrum.
– Vedkomande vedtok forelegget, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Takstane auka i vinter, og bilisten må ut med 9.700 kroner. I tillegg kjem det tre prikkar på førarkortet.