Brann og beredskap | 23. apr. 2023

Uvisst kva som starta brannen

Sløkte grasbrann i Lysefjorden laurdag.

Uvisst kva som starta brannen
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 23. apr. 2023 10:17

«Vi har blitt bortskjemt med strålende sol og fine temperaturer i det siste, men det betyr også at faren for brann i lyng og gress er svært stor! Bare den siste uken har vi hatt 16 slike branner i regionen vår. Vær så snill, ta hensyn og ikke bruk ild ute i naturen nå» skreiv 110-sentralen på Twitter klokka 13.25 laurdag.

Klokka 17 kom det melding om brann i gras og lyng på Edne i Lysefjorden.

– Vi rykte ut saman med brannvesenet. Dei sløkte raskt, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Rundt 100 kvadratmeter blei svidd av.

Politiet har oppretta sak.

– Vi har foreløpig ikkje opplysingar om korleis brannen starta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.