– Fekk feil fokus
Aksjonsgruppa Bevar Fjellheim reagerer på både BT si sak fredag og Midtsiden sin kommentar søndag.
Fredag hadde Bergens Tidende ei stor sak om kulturlivet i Os, der dei på framsida fortalte om kulturaktørar som slit etter at Oseana blei bygd.
Underteikna, Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy, reagerte på framstillinga av saka, og publiserte søndag kveld ein kommentar.
Kva er bakgrunnen for oppslaget og korleis reagerer aksjonsgruppa Bevar Fjellheim, ei av kjeldene i saka, på BT si sak og Midtsiden sin kommentar?
BT tok kontakt
Ingun Meiler frå aksjongruppa fortel at ein journalist frå Bergens Tidende tok kontakt, og sette ho i dialog med ei kvinne i redaksjonen som heldt på med ei sak om kulturaktørar og kulturhus.
– Eg tenkte at det kunne vera positivt å fortelja om saka vår, spesielt for dei som ikkje har fått med seg bodskapen via lokalavisene Midtsiden og Os & Fusaposten, seier Meiler.
– Oseana har vore veldig positivt for bygda. Samtidig har vi fått stadig meir støtte for saka vår, også blant politikarar i posisjon. Vilkåra har endra seg etter at Oseana kom og fleire og fleire ser no at kulturlivet i Os treng eit hus som Fjellheim i tillegg, for å ha eit fullgodt tilbod, seier Rolv H. Bjørø.
FOR Fjellheim – ikkje MOT Oseana
Både Ingun og Rolv meiner innhaldet i BT er OK, men at formen og vinklinga fekk ein annan vri enn kva dei hadde håpa på, Oseana fekk fokus i staden for Fjellheim.
– Vi er ikkje MOT Oseana, vi er FOR Fjellheim. I staden for eit nyansert bilde av kva type aktørar som no manglar tilbod, framsto det som ei oppramsing av kva som er mislykka med Oseana, seier Rolv.
– Eg må innrømma at eg blei negativt overraska då eg såg korleis BT framstilte saka, supplerer Ingun.
Dårleg timing?
For tre veker sidan var det overrekking av nesten 4000 underskrifter frå folk som støttar aksjonen, med oppmoding om å ta saka om sal av eigedomen opp på nytt.
– Var det rett timing å gå ut i avisene no, rett etter at ein positiv dialog har starta, og kommuneleiinga har sagt at dei vil ta opp saka?
– Vi tenkte at BT, som er så store, ville laga ei god sak og koma med ei informativ framstilling slik at partia i kommunestyret fekk det dei trengte før dei eventuelt skulle vurdera saka.
– Vi ville dessutan visa journalisten at Fjellheim er i god stand, men av praktiske årsaker kom vi oss ikkje inn i bygget denne dagen.
– Når vi ser korleis oppslaget blei, så fekk det ikkje denne effekten. Nokre i aksjonsgruppa er nøgde med saka, personleg er eg ikkje det, seier Meiler.
Reagerte på "ripe i lakken"
I kommentaren søndag kritiserer underteikna BT, og forklarer kvifor vi meiner kjeldene er for få og for dårlege.
Om Bevar Fjellheim skriv vi at vi forstår saka deira, men at vi håper verken dei eller dei andre kjeldene er nøgde med resultatet.
Vi skriv også at vi finn timinga for dette oppslaget som merkeleg, nettopp fordi gruppa nyleg hadde bede om velvilje, for så å vera med på å teikna noko vi meiner er eit feil bilde av kulturlivet i Os. Vi undra over korleis BT-saka ville slå ut, og illustrerte dette på følgjande måte:
"Om nokon hadde kome på døra mi for å be om pengar og medvind, samtidig som dei sto og ripa opp bilen min med kniv, så hadde dei ikkje gått i pluss den dagen, det kan eg garantera."
– Den kommentaren var det eg reagerte mest på hos Midtsiden. Vi har ikkje visst korleis saka skulle vinklast og har heller ikkje hatt kontroll over kva kjelder BT brukte, seier Bjørø.
– Fryktar de at saka i BT vil hemma aksjonsgruppa sitt arbeid?
– Det håper og trur eg verkeleg ikkje. Vi har hatt ein veldig saklig og god dialog med kommuneleiinga heile vegen, at BT kjører fokus på kulturhus generelt, og bruker Oseana som eksempel, kan ikkje vi styra.
– Det einaste vi ville visa var behovet for at Fjellheim blir tilgjengeleg igjen, vi ville ikkje råka Oseana eller andre.