Lokal | 23. feb. 2013

Fekk 72.000 i bot

Vogntog-førarar frå Aust-Europa fekk svi etter brot på kjøre- og kviletid. Natt til laurdag tok politiet fleire syndarar i trafikken.

Fekk 72.000 i bot
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. feb. 2013 09:31

Tysdag blei førarane av eit vogntog tildelt kjøreforbod etter at vegvesenet hadde funne grove brot på kjøre- og kviletida.

Først fredag fekk dei kjøra vidare, etter å ha punga ut med heile 72.000 kroner i bot.

– To sjåførar hadde skifta på å kjøra vogntoget, og dei hadde kjørt i 16 døgn i strekk, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Dette gjev naturlegvis det utanlandske selskapet eit stort konkurransefortrinn i både pris og leveringsid. Samstundes kjem dette inn under kategorien menneskehandel, dei tilsette jobbar under kritikkverdige forhold.

– Kvar av sjåførane måtte ut med 6000 kroner, selskapet fekk 60.000 i bot, fortel Fimreite.

Tungt lasta varebil?

Klokka 16.30 fredag fekk politet melding om ein tungt lasta varebil med ein tung hengar.

– Bakakslinga og hengarfestet skal ha sett ut som om det nesten var nedi. Bilen, som tilhøyrer eit fliseforma, blei stoppa, men funnen ok.

Høg fart og kryssing av sperrelinjer

I 1.30-tida natt til laurdag møtte politiet ein bil som dei synast heldt høg fart i Halhjemsmarka.

– Føraren fekk ei åtvaring og episoden er loggført, i tilfelle noko liknande skjer fleire gongar.

20 minutt seinare blei ein bilførar stoppa på Flåten. Han hadde kryssa sperrelinjer ved Amfisenteret og fekk bot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.