Lokal | 20. feb. 2013

To fekk køyreforbod

Politiet: To vogntogsjåførar fekk køyrenekt etter alvorleg brot på kvilereglane. Politiet melder også om observante bilistar i Storestraumen og bråk i Byvegen.

To fekk køyreforbod
To vogntog fekk køyreforbod tysdag kveld. Bilen på bilete var ikkje involvert (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. feb. 2013 09:38

Statens Vegvesen held tysdag ettermiddag kontroll på Halhjemsvegen kor dei kontrollerte vogntog og om dei mellom anna overheld reglane for køyre- og kviletid.

- Dei stoppa to vogntog kor førarane hadde begått alvorlege brot i høve krava om kviletid på ei veke.

- Det er nok tydeleg at desse sjåførane har køyrd hardt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Dei to sjåførane blei fråteken vognkort, køyrelisens og andre papirer dei treng for å ha lov til å ferdast langs vegen.

- Dei fekk køyreforbod, og vi ei anmelding frå vegvesenet, som vil bli følgt opp i løpet av dagen.

- Bra folk følgjer med

Tysdag kveld fekk politiet melding frå ein bilist som passerte dei avskilta bilane i Storestraumen.

- Vedkommande fortalte om ein bil som hadde stoppa der og som vekte noko oppsikt.

- Meldaren frykta at dei ville foreta hærverk eller innbrot i dei avskilta bilane.

- Eg vil oppmoda dei som eig bilane i Storestraumen om å få dei taua vekk inntil dei får orden på årsaka til at dei er avskilta.

- Samstundes vil eg berømme vedkommande som meldte frå til oss.

- Det er veldig flott at folk følgjer med og melder frå når dei ser noko dei reagerer på, seier Sperrevik.

Patrulja frå lensmannskontoret var oppteken, så dei rykte ikkje ut.

Bråk i Byvegen

I løpet av natta har politiet fått melding om støy frå nokre bustader i Byvegen.

- Det har vore eit gjentakande problem, med nokre naboar som driv å flyttar møblar rundt i husværet natterstid.

- Vi kjem til å kontakta huseiger for å høyre korleis han vil håndtera det, avsluttar Terje Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.