Fekk 100.000 til Knutabruo
Sparebanken Vest delte ut 400 000 kroner til allmennyttige formål i Os måndag. Her kan du sjå kven som fekk.
Under ei tilstelling i Nordmarka, kor vegen på austsida no er i ferd med å ta form til Knutabruo, delte avdelingsbanksjef Benedikte Toftesund ved Sparebanken Vest sitt kontor på Os ut 400 000 kroner til ulike formål i Os. Utdelinga gjekk frå banken sitt fond for allmennyttige formål.
Den største gåvemottakaren i år var Brukameratane og deira prosjekt Knutabruo, som fekk 100 000 kroner frå sparebanken.
– Denne brua vil glede mange som likar å vera i skog og mark, og er eit flott bindeledd mellom to flotte turområder. Ein engasjerande dugnadsånd er lagt ned, og Os kommune har tatt på seg å drifta brua vidare og tilretteleggja for at dette prosjektet blir realisert.
– Planen er at brua er klar i månadsskiftet september/oktober. Det går fort i Os der rammetilllatelsen blei gitt på ei veke. Det var ein spennende historie vi fekk presentert av Peder Fløysand om korleis alt starta og til der prosjektet er i dag, fortel Toftesund.
Les òg: Knutabruo klar til sommaren
Har fått inn vel 200 000
Peder Fløysand fortel at brukameratane så langt har fått inn vel 200 000 kroner etter at dei starta kronerullinga for å få inn dei omlag 750 000 kronene prosjektet manglar.
– Bidraget frå Sparebanken Vest er velkomen. Eg reknar med at vi skal klara å få inn meir frå bedrifter i Os.
– Eg har vore rundt og fortalt om prosjektet til mange av dei og mottakinga har vore positiv, så vi satsar på at pengane etterkvart renn inn på kontoen, seier Fløysand.
Desse fekk midlar
Dei resterande 300 000 kronene Toftesund hadde med seg blei fordelt mellom 17 andre lag og organisasjonar i Osbygda.
Her er alle mottakarane:
Os Revmatikarlag
Lysekloster Idrettslag
Hovland Panorama Velforening
Os Turnforening avd. Fotball
Os Musikkforening
Oseana Kunst og Kultursenter
Os Ungdomsklubb
Os Kulturutvikling
Os Pensjonistforening
Nore Neset Grendalag
Jentefotballdagen
Søfteland Turn- og Idrettslag
Oselvarlaget
Banktjørnhaugen Velforening
Osfest
Os Turlag
Os Skyttarlag
Midlane blir tildelt etter søknad. Hovudfrist for å søka er 15. april kvart år. I 2015 deler banken ut 50 millionar kroner til gode initiativ på Vestlandet.