Kultur | 26. mars 2015

Kronerulling for «Knutabruo»

I løpet av 2015 kan det koma gangbru over Oselvo. No inviterer «brukameratane» til spleiselag.

Kronerulling for «Knutabruo»
Då den nye gangvegen frå Tøsdal til Nordmarka var klar blei det nytt liv i bru-ideen. Knut-Jarle Aspenes (t.v.) og Peder Fløysand håper brua kan byggast i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mars 2015 09:44

Bildeserie:

– Det er gjort eit fantastisk arbeid med gangvegen, meiner Fløysand og Aspenes. (Foto: KVB)
– Det er gjort eit fantastisk arbeid med gangvegen, meiner Fløysand og Aspenes. (Foto: KVB)
Her skal brua koma. (Kart: Os kommune)
Her skal brua koma. (Kart: Os kommune)
– Brua leiar til eit flott turnett i Osmarka, seier Peder. (Kart: Os kommune)
– Brua leiar til eit flott turnett i Osmarka, seier Peder. (Kart: Os kommune)
Nordmarka nedst, Osmarka øvst. (Skisse: Jan Haaland)
Nordmarka nedst, Osmarka øvst. (Skisse: Jan Haaland)
Brua skal byggast hos HMR på Voss og blir 40 meter lang. Nordmarka nedst, Osmarka øvst. (Skisse: Jan Haaland)
Brua skal byggast hos HMR på Voss og blir 40 meter lang. Nordmarka nedst, Osmarka øvst. (Skisse: Jan Haaland)
I desse dagar kjem denne giroen i posten til innbyggarane i Os.
I desse dagar kjem denne giroen i posten til innbyggarane i Os.
1 av 6

Rammesøknaden er godkjent og detaljprosjektering av brua er godt i gang. No inviterer brukameratane alle turglade osingar til spleiselag for å få dei siste kronene på plass.

– Å gå i Osmarka og langs Oselvo er fantastisk rekreasjon. Men ikkje alle har eit forhold til desse naturperlene mellom Os sentrum og Amfisenteret. Det håper vi at Knutabruo kan vera med på å betra. Det er nesten som om vi skulle fått brua på blå resept, seier Peder Fløysand og ler.

Han er ei av dei mest entusiastiske eldsjelene i «brukameratane», den vesle gruppa med osingar som jobbar med å få bygd ei 40 meter lang hengebru over Oselvo.

Brukameratane består av Knut Jarle Aspenes, Øyvind Tøsdal, Harald Døsen, Lars Skorpen, Jan Haaland, Reidar Rundsveen og Peder Fløysand.

Ideen er gamal og god, og Fløysand meiner den er Knut-Jarle Aspenes sin.

– Halvparten er i boks

– Eg er nok ikkje den første i Os som har nemnt dette, men det stemmer at eg for 10-15 år sidan snakka med litt folk om dette med å få ei bru mellom Nordmarka og Osmarka, seier Aspenes, som er med og betalar ein monaleg del av kostnaden.

– Vi sender ut ein giro til alle husstandar og bedrifter i kommunen. Brua kjem til å kosta rundt 1,5 millionar kroner. Vi har rundt halvparten av pengane på plass, og håper no at vi kan få til eit større spleiselag så vi kjem heilt i mål.

Stor respons på ny snarveg

Fløysand fortel at det har vore tett mellom skulderklappa etter at dei i november i fjor fortalte om planane.

– Det var jo den nye gangvegen som kom då dei la vassleidning mellom Tøsdal og Nordmarka som var utløysande faktor. Denne vegen er både fin og svært populær til tur og mosjon, og det var mange som blei begeistra då dei fekk høyra at vi ville bygga bru, seier Peder.

Rundløypa frå Tøsdal til Os og gjennom Osmarka tilbake til Tøsdal er cirka 7 kilometer lang. Med ny hengebru kan du ta deg eit kortare sløyfe på truleg rundt 3 km.

– Det er ikkje alle som er så sprek som Fløysand, så då må det jo vera supert med ein sånn snarveg, humrar Knut-Jarle.

God hjelp og fine samantreff

Aspenes og Fløysand meiner dei var heldige i forhold til kvar brua bør byggast og kven som eig tomtene dei må kryssa for å få den bygd.

– Grunneigarane Reidar Rundsveen og Tordis Lund var med med éin gong. Os kommune skal overta brua når ho er ferdig, og Terje Søviknes og Tom Leonsen i rådhuset har også vore veldig hjelpsame.

Kan bli ferdig over sommaren

NODE rådgivende ingeniører har kvalitetssikra planane og brua skal byggast og monterast av HMR Voss AS.

Det førebuande arbeidet har blitt noko utsett av vêr og vind, men rundt påske blir det ein varsam start med felling av tre og bygging av ein liten anleggsveg ned mot elva.

Knutabruo, som blir 40 meter lang, der Oselvo er 8 meter brei, kjem inn mot hesteløypa der den går i sløyfe mot Oselvo.

– Her er det mange fine stiar i terreng som ser ut som ein eventyrskog, seier Fløysand, og håper på god deltaking på spleiselaget og ferdig bru tidleg på hausten 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.