Fatta historisk vedtak
Os Turn godkjenner avtale med Os kommune om sal av delar av Kuventræ.
Eit ekstraordinært årsmøte i Os Turn handsama onsdag ettermiddag intensjonsavtala som var inngått mellom klubben og Os kommune.
Avtalen omfattar at Os kommune overtek grasbana med tilhøyrande friidrettsanlegg, inkludert aktivitetsområdet sør for denne. Kommunen forpliktar seg i avtalen til å ta teknisk og økonomisk hovudansvaret for å gjennomføra dei planar som er utvikla av Os Turnforening og arbeidsgruppa som blei oppnevnt av formannskapet 6. november 2012.
Oppgraderinga skal gjennomførast så snart det finnast finansiell løysing. Heile anlegget skal vera ferdigstilt innan utgangen av 2016.
Samstundes gjer kommunen og Os Turn eit makeskifte kor Os Turn overtek eigedomsretten av den nedste kunstgrasbanen ved Kuventræ skule.
Kommunen betalar i tillegg 1,5 millionar kroner til klubben, noko som tilsvarar 50 kroner kvaderatmeteren.
Samrøystes
Eit samrøystes årsmøte, med representantar frå friidrett, fotball, turn, handball og amerikansk fotball, gav si tilslutning til intensjonsavtalen.
– I dag fattar vi eit historisk vedtak.
– Vi er òg innstilt på å oppfylla vår del av avtalen, gjennom den dugnadsinnsatsen avtalen føreset, uttala årsmøtet.
Vedtaket Os Turn fatta lyder "Årsmøtet vedtok å godkjenne rammene i intensjonsavtalen og gir hovudstyret fullmakt til å sluttføre forhandlingene med kommunen på grunnlag av intensjonsavtalen".
Neste steg i prosessen er at kommuen finn midlar i dei kommunale budsjetta og at kommunestyret, på same måte som Os Turn, godkjenner intensjonsavtala. Ein del av planen er også å etablera ein fleirbrukshall i tilknytning til eksisterande hall på Kuventræ.
Les og: Skal drøfta sal av Kuventræ