Politi | 13. aug. 2024

Fartskontroll og hærverk på bubil

Politiet er interesserte i tips.

Fartskontroll og hærverk på bubil
UP hadde kontroll i 70-sona på E39 i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 13. aug. 2024 10:54

Måndag fekk politiet inn melding om skadeverk på ein bubil som sto parkert i Kuvenbakken.

– Hærverket skal ha skjedd i løpet av helga, seier politioverbetjent AStle Birkeland.

– Forholdet blir meldt og vi er interessert i tips, om det er nokon som har observert noko relatert til hærverket.

Måndag formiddag hadde utrykningspolitiet trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.

12 førarar fekk forenkla forelegg.

Høgaste fart blei målt til 90 km/t i 70-sona. Det kvalifiserer til 7050 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.