Politi | 05. aug. 2024

Krasja i gjerde - kyr kom seg fri

Uhell i Borgavegen, klatring på Oseana og brot på besøksforbod.

Krasja i gjerde - kyr kom seg fri
Kyr i Borgavegen. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 05. aug. 2024 10:49

Fredag var det tjuveri frå både butikk og hytte.

Laurdag og søndag hadde politiet i Os andre ting å henga fingrane i.

Laurdag formiddag fekk politiet meling om brot på besøksforbod.

– Ein mann i 50-åra blei pågripen for brot på besøksforbod mot nær familie, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Søndag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Borgavegen.

– Ei kvinne hadde køyrd utfor vegen og inn i eit gjerde. Det førte til at nokre kyr kom seg ut i vegbanen.

Bonden som ei kyrne fekkkontroll på dyra. Utforkøyringa blir vurdert som eit uhell og blir ikkje følgd opp vidare av politiet.

– Søndag kveld fekk vi melding om fleire ungdomar som klatra på eit tak tilknytt Oseana. Det er stor takhøgde, og meldar var bekymra.

Då politiet kom til staden var ungdomane vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.