Farten på veg ned
Politiet har hatt ekstra fartskontrollar på Hatvik- og Hegglandsdalsvegen dei siste månadane på grunn av mange bilistar som køyrer for fort. No byrjar dei å sjå ei betring.
Politiet har tatt mange fartssyndarar på Hatvik- og Hegglandsdalsvegen den siste tida, og fleire har mista førarkortet etter alt for høg fart.
Les òg: Enno eit beslag
Ingen mista førarkortet
No kan det sjå ut som om dei ekstra kontrollane har hatt ein effekt og at folk har byrja senka farten.
- Vi hadde fartskontroll på Hatvikvegen onsdag, og ingen førarkort blei inndratt, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Sjølv om politiet gav ut 14 forenkla førelegg, så syntest Sperrevik det har blitt ei betring.
- Det kan sjå ut som om alle kontrollane vi har hatt har hatt ei virkning, seier Sperrevik.
Høgaste måling onsdag var 72 km/t, og Sperrevik meiner at farten framleis er for høg.
- Det er ei 50 sone så farten er høg enda, men det er positivt at han har byrja å gå ned.