Enno eit beslag
Nok eit førarkort beslaglagt, samt sju forenkla forelegg då politiet sto med laser på Hatvikvegen. Melding om vannvittig stor fart ut Hegglandsdalen.
Ei kvinne blei onsdag fotgjengar etter å ha mista førarkortet i ein laserkontroll på Hatvikvegen. Bilen kvinna førte blei målt til 76 km/t i 50-sona.
– I tillegg fekk sju bilførarar forenkla forelegg i kontrollen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Hatvikvegen er trang og risikoen høg, ikkje minst for gåande. Politiet vil difor helda fram med kontrollar på strekninga.
Klarte ikkje svingen
I same området fekk politiet onsdag ettermiddag melding om ein bil som heldt vanvitig høg fart ut Hegglandsdalsvegen.
– Meldar fortalte at bilen svingte mot Hatvik.
– Farten skal ha vore så høg at bilførar ikkje klarte å halde bilen i køyrebana, men måtte ta fortauet i bruk.
– Då patrulja kom til staden såg dei tydlege spor på fortauet og fant restar av bilen, men ikkje bilen, fortel politioverbetjenten.
Krangla om sparkesykkel
Onsdag følgde ein mann etter to gutar i eit bustadområde i Os sentrum.
– I følgje rapporten meinte mannen at dei to gutane hadde stole ein sparkesykkel.
– Det skal ha utvekla seg til å bli ein håndgemeng mellom mannen og gutane, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Foreldra til gutane har signalisert at dei vil melda mannen for lekamsfornærming i løpet av dagen.