Lokal | 07. apr. 2016

Får 8,3 millioner for å vera med

Os kommune får eit inntektspåslag på 8,3 millioner kroner for å vera med i forsøket med statleg finansiering av omsorgstenestene.

Får 8,3 millioner for å vera med
Kommunalsjef for Nils Petter Borge. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 07. apr. 2016 23:21

I desember beslutta politikarane at dei skulle søkja om å få vera med i forsøket med statleg finansiering av omsorgstenestene.

15. januar fekk Os tilbakemelding frå helsedirektoratet om at dei var blitt plukka ut til å vera A-kommune, kor staten tek heile styringa, noko Os takka ja til, i motsetnad til fleire av dei andre kommunane som fekk tilbodet.

– Det er no fem kommunar som er med som A-kommunar og to som er med som B-kommunar, fortalde kommunalsjef Nils-Petter Borge i tenesteutvalet onsdag.

Mister 213 millionar – får 8,3

Sidan Os er ein A-kommune pliktar dei no å følgja Helsedirektoratet sine retningslinjer og får betalt for kvar einskild pasient.

– Direktoratet dreg ut om lag 213 millionar kroner av ramma frå Os kommune. Desse får vi tilbake etterkvart som vi yter tenester.

– I tillegg får vi som A-kommune eit inntektspåslag på om lag 8,3 millioner kroner, tilsvarande 4 % av uttrekket.

– Ein del av desse midla vil gå til ei bemanningsauke. Bestillar og forvaltarkontoret (BOF) er som andre tenester i kommunen på eit minimumsnivå. Difor må vi nok bemanna opp på BOF. I tillegg må vi nok styrka økonomifunksjonen.

– Vi må òg sjå på korleis kostnadane våre tek avferde. Det kan vera eit avvik mellom satsane frå Staten og dei faktiske kostnadane.

Differansen må vi dekka av fireprosenten, men førebels ser vi lyst på dette, sa Borge.

Er i rute

Borge fortalde at dei har hatt, og skal ha, fleire møter med Helsedirektoratet før forsøket startar 1. mai.

– Vi har hatt nokre rundar med direktoratet. Eg opplever at vi no har klart å oppretta ein god dialog, men vi skal vera klar over at det er dei som bestemmer. Vi har gitt frå oss råderetten, påpeikte kommunalsjefen.

– Vi startar 1. mai, dei kjem her rett før, 28. april. Eg opplever vi er i rute med Barbra Træland som prosjektleiar frå vår side.

Skal få like rask akutthjelp

Marianne Neumann Hjelle (Frp) var oppteken av korleis ordninga ville bli i praksis.

– Heimesjukepleien i Os har fungert veldig bra. Skjer det noko akutt, så får ein hjelp med éin gong. Korleis blir det no, undra Neumann Hjelle.

– Det er framleis menneske som skal hjelpa menneske. Ja, vi skal operera innan eit nytt system, men folk skal framleis få hjelp. Det er ei auke i byråkratiseringa i dette, men om nokon treng akutt hjelp, så skal dei få det like raskt som før, forsikra Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.