Lokal | 15. jan. 2016

Os blir A-kommune

Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort kva kommunar som får vera med i forsøksordninga med statleg finansiering av omsorgstenestene. Os er ein av dei 18 som er med.

Os blir A-kommune
Ordførar Terje Søviknes (Frp) er nøgd med å vera plukka ut i forsøksordninga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. jan. 2016 15:34

I formannskapet 1. desember snudde politikarane kommunalsjef Nils-Petter Borge si negative innstilling til å vera med i det forsøket med statleg finansiering av omsorgstenestene.

Då Borge først presenterte ordninga på budsjettkonferansen i byrjinga av november var mykje uklart. Departementet la opp til to modellar A og B, kor modell A er at ein skal følgje dei statlege tildelingskriteria og prismodellane.

Det er denne modellen Os kommune no er plukka ut til å testa om dei innan 1. februar aksepterar tilbodet.

– Vi var redde for at modell A var ein for rigid modell, men etterkvart som eg har sett nærare på det trur eg det kan bli den mest gunstige modellen for oss totalt sett, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

Kan få finansiert oppstarten på Luranetunet

Grunnen til ordføraren sin optimisme er retningslinene som no har kome for korleis prismodellen og forsøket skal praktiserast.

– Det har kome fleire rapportar på korleis forsøket skal gjennomførast. Mellom anna med tanke på tildelingskriterie, stykkprismodell og organisering.

– I modell A vil vi få eit uttrekk av kva vi faktisk brukte på omsorgstenestene i 2015, pluss gulrota på 4%. I tillegg vil vi i førsøksperioda få betalt for dei faktiske tenestene vi yter.

– Det betyr at vi for kvart enkeltvedtak får den statlege satsen. Når dei nye plassane på Luranetunet står klare betyr det at vi får dekka, direkte frå staten, det det kostar å ta dei i bruk om vi har personar som det er naturleg å flytta inn der, forklarar Søviknes, som har fått det skriftleg frå departementet at det er slik ordninga vil fungera.

Kan gå i pluss

Noko av spenninga knytt til ordninga er om dei statlege satsane dekkjer dei reelle kostnadane kommunen har med å yta omsorga.

– No er vi kjende for å vera ein effektiv kommune og yta gode tenester til ein låg pris. Eg trur vi kan gå i ein pluss som vi kan setta av til å vidareføre tenestene etter at forsøksperioda er over om tre år, så eg er ganske optimistisk til det heile, seier Søviknes.

Kallar inn til ekstraordinært møte

Akseptfristen for kommunen er satt til 1. februar 2016.

– Det betyr at vi har kort tid på oss. Administrasjonen må no laga ei saksutgreiing som vi kan ta stilling til i eit ekstraordinært formannsskapsmøte i slutten av januar.

– Det var jo denne ventilen vi hadde då saka blei drøfta i haust. Men eg tenkjer dette kan vera ei gustig ordning for oss, spesielt med tanke på dei førti nye plassane på Luranetunet, avsluttar Søviknes.

Når statsråd Bent Høie kjem til Os tysdag står diskusjonar omkring ordninga på dagsorden for samtalane lokalpolitikarane skal ha med statsråden.

Desse er med

Desse er dei andre kommunane som er med på ordninga.

Modell A: Tenester tildelest etter statlege tildelingskriteriar og statleg satt budsjettramme. I modell A skal kommunen i forsøksperioda følgje dei instruksar som Helsedirektoratet gjev om forståing og praktisering av dei statlige kriteria for arbeidsprosess og tenestetildeling. Den statlege prismodellen skal nyttast.

Dette er A-kommunane: Tønsberg, Os, Stjørdal, Gran, Lillesand, Narvik, Trøgstad, Hobøl og Vestre Slidre.

Modell B: Midla til sektoren øyremerkast. Kommunane sine egne tildelingskriterie nyttast.

Dette er B-kommunane: Moss, Stange, Spydeberg, Lensvik, Flesberg, Selbu, Sykkylven, Gjerstad, Samnanger

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.