Får 12 mill i veksttilskot
Vekstkommunetilskotet blir styrka ytterlegare i høve kommuneøkonomiproposisjonen. Tilskotet til Os kommune aukar frå 4,5 til 12 millionar kroner.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) fortalde tysdag at han var spent på kva som ville komma i statsbudsjettet når finansminister SIv Jensen (Frp) legg det fram i dag. Seint tysdag kveld blei det kjend at Vekstkommunetilskotet, eit av punkta Søviknes var spent på, aukar meir enn forutsatt i kommuneøkonomiproposisjonen som blei lagt fram i mai/juni i vår.
Ordninga blir no endra til at:
- Alle kommunar med høgare vekst i folketalet enn 1,6% i snitt dei siste tre åra får tilskot. Det tydar at ein har gått vekk frå ordninga der ein målte veksten mot gjennomsnittleg vekst i folketalet på landsbasis. Dette vil vera ein meir forutsigbar ordning, kor kommunane sjølv kan rekan ut effekten ut frå eigne tal for folkeveksten.
- For kvar innbyggar over 1,6% får kommunane 55 000 kroner i vekstkommunetilskot.
For Os kommune tydar det at vekstkommunetilskotet aukar frå 4,5 millionar kroner i 2014 til 12,0 millionar kroner i 2015.
I kronebeløp er det berre Sandnes og Oslo som får større tilskot enn Os.
– Dette er fantastiske nyhende for Os kommune, jublar ordfører Terje Søviknes (FrP) og varaordfører Marie Bruarøy (H).
Dei to er godt nøgd med at dei endeleg har fått gjennomslag for at vekstkommunane har særeigne utfordringar.
– Det er godt å sjå at vår eigen FrP/H-regjering har lytta til dei innspela vi har gitt.
- For Os kommune kjem dette som bestilt i og med at vi står foran store investeringar i sosial infrastruktur dei kommande åra.
– Vekstkommunetilskotet vil gjera det mogleg å betala renter og avdrag på naudstyn lånetopptak. I kommande periode står både utbygginga av eldreomsorgen på Lurantunet, Os Idrettspark Kuventræ og opprustinga av torget på Osøyro på agendaen, oppsummerar Søviknes og Bruarøy.
I alt der det 68 kommmunar som deler ein pot på 393 millionar kroner.